I heimetenesta er systematisk observasjon av pasientar mangelfull og det er lite kunnskap om korleis helsepersonell oppdagar og varetek pasientar i klinisk forverring. Det gjer Torunn Strømme noko med.
Ho disputerte for ph.d.-grada i helse og medisin ved Det helsevitskaplege fakultetet 24. august 2023.
Strømme forsvarte avhandlinga: Clinical observation of deteriorating frail older patients. Improving the competence of homecare professionals.
Heimetenesta varetek eit aukande tal sårbare pasientar med komplekse omsorgsbehov. Pasientane er utsette for alvorleg sjukdom, innlegging på sjukehus og tidleg død. Tidleg oppdaging av forverra klinisk tilstand hos dei sårbare pasientane er derfor ein viktig del av helsepersonells kompetanse.
Kva har du forska på?
Formålet med doktorgradsprosjektet har vore tredelt:
- å utvikla kunnskap om klinisk observasjon av pasientar i heimetenesta
- å beskriva og analysera innføringa av eit kompetanseprogram for å betra observasjonskompetanse i heimetenesta
- å beskriva resultata av kompetanseprogrammet i heimetenesta
Kva fann du ut?
Resultata viser at det i utgangspunktet var lagt liten vekt på klinisk observasjon i dei to heimetenestene. Vitale kliniske teikn vart sjeldan målte for å oppdaga forverra tilstand. Helsepersonell framheva at det var viktig å kjenna pasienten og vurdera den fysiske og mentale tilstanden for å oppdaga forverring.
Helsepersonell opplevde at kompetanseprogrammet for klinisk observasjon var viktig. Det bestod av ei rekkje ulike læringsverktøy og innhaldet vart oppfatta som komplekst. Innføringa av programmet var omfattande og tidkrevjande. Simulering var eit av læringsverktøya som vart opplevde som utfordrande av deltakarane.
Kompetanseprogrammet som vart innført i dei to ulike heimetenestene gav ulike resultat. I den eine heimetenesta vart systematisk observasjon vektlagt i større grad og vitale kliniske mål vart oftare målte på pasientane. Helsepersonell opplevde auka meistring og kompetanseprogrammet vart innlemma i dei daglege aktivitetane i heimetenesta. I den andre heimetenesta vart det i lita grad gjennomført vitale mål på pasientane etter innføringa av kompetanseprogrammet og det vart beskrive som inaktivt. Utfordringar knytt til sjukmeldingar, gjennomstrøyming og omorganisering gjorde at det ikkje var rom for framleis vektlegging av kompetanseprogrammet
Korleis kom du fram til dette?
Eg har observert helsepersonell (sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar) i praksisen deira i heimetenesta. Eg har i tillegg intervjua helsepersonell, fagsjukepleiarar og leiarar. Doktorgradsprosjektet er gjennomført i to heimetenester i to ulike kommunar.
Kva kan forskingsresultata brukast til?
Funna viser viktigheita av observasjonskompetanse i heimetenesta, og kor viktig det er at helsepersonell tidleg oppdagar forverra tilstand hos pasientane. Dei beskriv innføring, innhald og resultat og utfordringar knytt til eit kompetanseprogram i to heimetenester. Dei viser vidare at eit kompetanseprogram blir påverka av faktorar i den respektive heimetenesta det blir innført i.
Doktorgradsprosjektet er gjennomført ved Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten (SHARE) og er del av forskingsprosjektet SAFE-LEAD som er støtta av Forskingsrådet.