Om UiS

Universitetet i Stavanger er eit innovativt og internasjonalt universitet. Vi er ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. UiS utfordrar det velkjente og utforskar det ukjente.

UiS i tal 2022
Antal studentar

12 506

Antal tilsette

2200

Avlagte doktorgradar

60

Publiseringspoeng

1 453,5

- Sjølv ser eg for meg eit universitet med studentar som har eit reflekterande søk mot meining og eit driv etter å gjere verda betre. (rektor Klaus Mohn)

Kven er vi?

UiS skal vere eit ope universitet med høg trivsel blant våre studentar og tilsette. Grøn omstilling, energi, helse og velferd, læring for livet og eit godt lærings- og arbeidsmiljø er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. 

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og fleire nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museumUiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Kom i kontakt med oss

Meld fra

Si ifra om uønskede hendelser og ting som ikke fungerer

Slik er vi organisert

Dei seks fakulteta våre

Forsking og samarbeid

Strategien vår

Eit UiS for studentane

Bli med rektor Klaus Mohn på omvisning på campus.