Eit nytt utdanningsprosjekt skal styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning ved partnaruniversitet i Malawi og Tanzania .
Kamuzu University of Health Sciences (KUHeS) i Malawi Kilimanjaro Christian Medical University College i Tanzania Universitetet i Stavanger
Simuleringsbasert opplæring blir i stadig større grad tatt i bruk for å forbetra eller utfylla tradisjonell undervisning og praksisopplæring slik at studentar blir betre førebudd på kliniske utfordringar. Likevel er ikkje bruken av slike undervisningsmetodar utbreidd blant helseutdanningar i Afrika sør for Sahara.
For å løysa identifiserte kunnskapshol i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania, vil kapasitetsbygging innan simuleringsbasert utdanning ved universiteta og praksisfeltet vera ein nøkkelkomponent.
Det overordna målet for prosjektet er derfor å dela kunnskap om og implementera simuleringsbasert undervisning for å styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania. Betre kompetanse blant vitskapleg tilsette og kliniske rettleiarar kan auka kvaliteten på helseutdanning og tenester i låg- og mellominntektsland.
Det skal òg utviklast eit system for å sikra berekraftig kapasitet på simuleringsbasert utdanning og forsking i Malawi og Tanzania, og styrka regionalt og internasjonalt samarbeid. Mellom anna vil prosjektet finansiera fire doktorgradsstudentar og seks masterstudentar, som igjen kan formidla kunnskap vidare til lærarar ved sjukepleiar- og jordmorutdanningar i landa.
Prosjektet har fått støtte frå Norad gjennom programmet NORHED II.
Deltakelse på SESAM-konferanse
NORHED II-prosjektet knytta til implementering av simulering i Malawi og Tanzania var representert med tre abstracts på årets SESAM-konferanse i Praha 19. - 21. juni.
Gertrude Mwalabu frå partnerinstitusjonen i Malawi heldt ein flott muntlig presentasjon om baseline knytt til simulering i Malawi. Ho sjarmerte alle med «come to Malawi and learn from us – you will like it». Paulo Kidayi frå partnerinstitusjonen i Tanzania hadde eit E-poster-framlegg med data frå Tanzania, medan Bodil Bø heldt ein munnleg presentasjon med refleksjonar og preliminære analyser av prosjektet som no er halvvegs i prosjektperioden. Gertrude og Paulo knytta mange kontakter – deriblant med Jo Park-Ross,som har initiert eit nettverk for simulering i Afrika der dei begge blei invitert med. Ein flott konferanse med mange gode innlegg og litt tid til å vere turist i Praha.
Forskarar ved UiS
Forskarar ved partnaruniversitet
Samarbeidspartnarar
Du er kanskje også interessert i:
Samarbeid for ei berekraftig helseteneste
Det helsevitskaplege fakultet ved UiS, SAFER – Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research og Utvikli...
Gode resultater etter bruk av simulering kombinert med praksis
Førsteårsstudenter i sykepleie opplevde økt kunnskap, selvtillit og mestring etter å ha kombinert simuleringstrening med...
Tverrfaglig simuleringsdag i sykepleielabene
Sykepleiestudenter på tredje studieår og fjerdeårsstudenter på medisinstudiet gjennomførte en tverrfaglig simuleringsdag...
Pilotprosjekt for jordmorstudenter
Gjennom simuleringsprogrammet SimBegin lærer førsteårstudenter innen jordmorfag hvordan de kan gjennomføre studentdrevet...
Skal styrka sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania
UiS er tildelt 18,7 millionar i prosjektstøtte frå Norad til implementering av simuleringsbasert undervisning i sjukep...
E-læring og simulering i helse og utdanning
Vi vil utvikla kunnskapar om og undersøka effekten digitale læringsressursar og simulering har på kvalitet og kompetanse...