Feira ny energisentral som skal kutte klimagassutslepp

Energisentralen UiS skal kutte klimagassutslepp og fyllest med forsking og undervisning på geotermisk energi og elkraft. Studentleiar Joakim Ramsland la ned ein tidskapsel i grunnsteinen for bygget som skal stå ferdig om eit år.

Publisert Sist oppdatert

Folk med hjelm og vest på byggeplass
StOr-leiar Joakim Ramsland får æra av å legge tidskapselen inn i grunnmuren til den nye Energisentralen UiS som er i ferd med å reise seg på Campus Ullandhaug. Foto: UiS / Kjersti Riiber

Den nye bergvarme-sentralen på Campus Ullandhaug vil kutte Universitetet i Stavanger sine klimagassutslepp frå energiforbruk for varme og kjøling med rundt 80 prosent. Bygget skal ferdigstillast i fjerde kvartal i 2024.

Grøn omstilling er førande for Universitetet i Stavanger og står sentralt i strategien fram mot 2030.

– Med Energisentralen feiar vi for eiga dør. Dette bygget er eit særs viktig bidrag til UiS si målsetting om å bli sjølvforsynt med energi. Det er med andre ord god grunn til å markere igangsettinga, og difor inviterer vi studentar, kollegaar og samarbeidspartnarar til nedlegging av grunnsteinen for det nye bygget, sa UiS-rektor Klaus Mohn i sin tale.

Nesten 40 stykk var med då Statsbygg tok imot UiS-folk, samarbeidspartnarar og studentar på byggeplassen. Alle i hjelm, vest og vernesko.

Folk
Trompetist-student Ole Martin Rosvold Haugen innvia rommet på vakkert vis under markeringa. Foto: UiS / Kjersti Riiber

Trong fødsel

Mohn peika på at bygget er svært kostbart å bygge og at det ikkje har vore sjølvsagt å kunne etablere ein slik bergvarme-sentral på campus.

– Beslutninga om å bygge Energisentralen vart mogleg då dei høge straumprisane kom, minna rektor om.

Også Elin Karfjell, direktør i eiendomsutvikling og forvaltning i Statsbygg, trakk fram at UiS kjem til å spare fleire millionar på straumutgifter med etableringa av sentralen. Tala viser at UiS vil spara rundt 60 prosent av straumforbruket sitt.

– Vi treng gode samarbeid for å få til etablering av eit slikt bygg av dette kaliberet. UiS får ein framtidsretta energisentral som imøtegår framtidas behov, sa Karfjell.

Mann med hjelm i uferdig bygg

Rektor Klaus Mohn nytta høve til å takke Statsbygg og hovudentreprenør Bache for eit godt samarbeid.

Kvinne med hjelm og refleksvest ved mikrofon i nybygg

Elin Karfjell, direktør eiendomsutvikling og forvaltning i Statsbygg, viste til at ein må gå saman for å klare å lage slike bygg av dette kaliberet.

Mann med hjelm og refleksvest med boks

Studentleiaren i StOr, Joakim Ramsland, la ned ein tidskapsel med UiS sin strategi fram mot 2030 for å vise framtidas menneskjer kva UiS gjorde for å nå klimamåla.

Mann med hjelm og refleksvest spiller trompet i nytt bygg

Trompeten til student Ole Martin Rosvold Haugen klang vakkert i det uferdige murbygget.

Uferdig bygg med stillas

Energisentralen UiS vil stå ferdig til 2025.

Tidskapsel for framtida

Studentleiaren i studentorganisasjonen StOr, Joakim Ramsland, peika på at studentane no får tilgang til topp elkraft-utstyr i eit spanande læringsmiljø.

– Elkraft-laboratoriet i fjerde etasje vil føre til at UiS blir meir attraktiv for elektro- og energistudentar som ønskjer å studere i Stavanger, sa Ramsland før han fekk ein tidskapsel frå UiS og Statsbygg i handa.

– Denne tidskapselen inneheld UiS sin strategi med grøn omstilling som det mest sentrale satsingsområdet. Vi har også lagt andre dagsaktuelle dokumentar inn i kapselen. Dersom bygget skal pussast opp om 100 år så vil etterkommarane våre kunne sjå kva vi gjorde for 100 år sidan for å bekjempe klimakrisa, sa Ramsland.

Mykje borekativiet på campus

Gjennom heile hausten og no i tidleg vinter har det vorte bora 119 brønnar på universitetet sitt område. Dei fleste med ei dybde på over 300 meter. For Statsbygg er det første gong eit så omfattande energieffektiviseringstiltak gjennomførast på ein så stor og eksisterande bygningsmasse.

Dagens energikjelder for UiS består av gass, el-kjeler og lokale kjølemaskinar. Ny løysing med bergvarmepumpar vil gje ein betydeleg reduksjon av CO2-utslepp og redusere forbruk av kjøpt energi.

Laboratorium for optimalisering av geotermisk energi-teknologi

Energisentralen skal brukast til anvendt forsking og vil bli eit unikt laboratorium innan geotermisk energi.

– Fagmiljøa våre skal kunne hente ut data og bruke sentralen som eit levande laboratorium i for bergvarme, som er i vekst i Europa og som har store moglegheiter her i Noreg også, forklarar UiS-professor Mohsen Assadi.

Laben vil gjerne det mogleg med akua undervising og forskning på geotermisk bergvarme. Så snart bygget er ferdig og laben står klar vil forskarane bruke avanserte modelleringsteknikkar basert på maskinlæring og kunstig intelligens for å utvikle modellar for overvaking og optimalisering av drifta i sanntid.

El-kraft-laboratorium for studentar

I tillegg til bergvarme-laboratorium vil heile fjerde etasje huse ein elkraft-lab for studentane. Pengar til å utstyre laben er sikra takka vere Ulla-Førrefondet.

– Dette bygget vil bidra til ein moderne elkraftsatsing som er heilt grunnleggande for å kunne utdanne kompetansen som trengs for det grøne skiftet, sier Mohn.

Rektoren peiker på at UiS gjer sitt for å legge tilhøva til rette for å levere relevante energi-utdanningar som samfunnet har behov for.

Tekst: Karen Anne Okstad, UiS
Foto: Kjersti Riiber, UiS

Les også:

Energisentralen gir 80 prosent utslippskutt

Sentralen skal inneholde et forskningslaboratorium for optimalisering av geotermisk energi.

10 millioner til elkraft-lab

Topp utstyr for elkraft-studenter når energi-sentralen står klar i 2025.