Ut på tur i Stavanger-regionen

Stavanger-regionen har ein svært variert natur, med gode opplevingar overalt. Frå lange, kvite strender, til høge, trollske fjell – her er det noko for ein kvar smak!

Publisert Sist oppdatert

Lukta av sand og sjø

Jærstrendene byr på moglegheiter du ikkje finn mange andre stader i Noreg. Som student ved UiS er du berre ein liten biltur unna milevis med ope landskap og bølgjer som trekkjer til seg kunstnarar, badegjester og surfe- og kiteentusiastar frå inn- og utland.

Bølgesurfer på vei opp fra brytende bølger med surfebrett under armen.
Kva med morgonsurf før førelesing?

Dei ulike strendene har sine karaktertrekk og eigenskapar, anten du skal surfe, kite, løpa, ta bilde eller berre gå deg ein tur. Her er våre favorittar:

  • Borestranden for surfing
  • Vigdelstranden for eit frisk bad og kaffi på termos
  • Solastranden for kiting
  • Hellestø for vandring i nydelege omgjevnadar

Sondre Dørum har drive med surfing i seks år, og valde å ta utdanninga si i Stavanger nettopp på grunn av Jærstrendene.

Lysefjorden

Preikestolen, Lysefjorden
Alle må ta turen til Preikestolen minst éin gong!

Om du berre vil lufte hovudet, få deg ein skikkeleg fjelltur eller treng bildemateriale til Instagram, er eit besøk til Lysefjorden løysinga for deg. Her kan du oppleve spektakulær natur gjennom eit besøk til Preikestolen med sine 604 meters stup ned til Lysefjorden, eller reise til utrulege Kjerag, som seiast å vere den råaste basehoppstaden i verda. 

Vil du stå på ski, seier du?

Frykt ikkje – me har mykje å velje i! Om du er toppturentusiast eller trivast best med fastspente ski på beina, har me ulike alternativ til deg. Frå Stavanger kan du ta bil, buss eller båt til stader som Hunnedalen, Ådneram, Røldal, Sauda og Sirdal.

UiS har fleire foreiningar for skiglade studentar. Vil du møte likesinna, meld deg inn i studentorganisasjonane Mauka Makai eller UiSI!

Ein stad for klatreentusiastar

Visste du at Stavanger-regionen er eit klatreparadis? På UiS kan me skilte med ein 14 meter lang klatrevegg på campus med moglegheit for både buldring og led-klatring. Som medlem av SiS får du tilgang til dette akkurat når du vil. Les meir om klatring på SiS.

Student i klatrevegg
Me har ein 14 meter lang klatrevegg på campus. Skuleåret 2024/2025 blir han seks gonger større!

I Stavanger finn du òg klatreanlegg (+ curlingbane og skøytebane) i Sørmarka Arena, som berre ligg ein liten sykkeltur unna universitetet.

Og ikkje nok med det. Rogaland er eit eldorado for utandørsklatring og -buldring. Som ein av få plassar i landet, har me ein gratis klatreførar for heile regionen, med god informasjon og fleire rutebeskrivingar.

Våre favorittar:  

  • Trellskår
  • Skogsveggen  
  • Spinneriveggen
  • Hommeland
  • Nova

Sjekk ut www.brattelinjer.no for meir info og rutebeskrivingar.

Stavanger Turistforening 

Hugs alltid at Den Norske Turistforening (DNT) legg til rette for at du skal kunne dra på tur i fjellheimen. Her i Rogaland finn du hytter ytst i havgapet, oppe på fjellet og langt inn i dei vakraste fjordar.

Her kan du dra:

  • Fjøløy fyr – lett tilgjengeleg hytte med nydeleg utsikt rett ut i havgapet
  • Skåpet – ei turisthytte ulik alle andre. Bo åleine i ei funkisperle, eller saman med andre i felleshytta.
  • Stranddalen turisthytte – sjølvaste «Perla i Ryfylkeheiane». Hytta er betjent i sommarsesongen og kan by på delikatessemåltidet komle.

Som ungdom mellom 13-25 år betalar du 345,- i året for medlemskap. Då er det mykje billegare å bu på dei ulike hyttene rundt om i fylket – og i resten av landet! Hugs også at Stavanger Turistforening arrangerer turar året rundt.

Kva med ein tur til Preikestolen?

Bli student ved UiS