CIESL-prosjektet tar klasseleiing frå teori til praksis

CIESL-prosjektet ville utvikle kunnskap om korleis lærarar vidareutviklar interaksjonen med elevane i klasserommet gjennom deltaking i ein intervensjon som fokuserer på klasseleiing.

Publisert Sist oppdatert
Fakta om CIESL
Hva betyr CIESL?

CIESL står for Classroom Interaction for Enhanced Student Learning

Prosjektperiode

2014-2018

Samarbeid

CIESL er et samarbeid mellom IGIS og Læringsmiljøsenteret ved UiS og Høgskulen i Telemark

Prosjektleiar Sigrun Ertesvåg om kva ein har funne ut gjennom CIESL-prosjektet

CIESL-prosjektet er avslutta

Sjøl om CIESL-prosjektet formelt er avslutta, blir dataene frå prosjektet fortsatt forska på. Det kjem difor framleis nye artiklar frå prosjektet.

Ei sentral målsetting i prosjektet er å utvikle meir kunnskap om korleis lærarar omset forskingsbasert kunnskap til praktisk handling i klasserommet. Foto: iStock.

Eit anna mål er å undersøkje korleis faktorar i organisasjonen kan fremme eller hemme implementeringa, og i neste omgang ha innverknad på elevane sitt læringsutbytte.

CIESL står for Classroom Interaction for Enhanced Student Learning.

Vi har mykje kunnskap om kva som karakteriserer effektiv interaksjon mellom lærarar og elevar men vi veit langt mindre korleis lærarar kan omsette denne kunnskapen til praktisk handling i klasseromet. Ei sentral målsetting i prosjektet er å utvikle meir kunnskap om korleis lærarar omset forskingsbasert kunnskap til praktisk handling i klasserommet.

Dei seinare åra har det vore auka merksemd på læraren si utøving av klasseleiing både fagleg, politisk og innan forsking. Læraren si samhandling med elevane er ein av dei viktigaste faktorane for å skape gode læringsmiljø sosialt og fagleg.

Trass i auka merksemd på støttande relasjonar mellom lærarar og elevar er det framleis eit gap mellom den kunnskapen ein har om støttande relasjonar til elevar og det som kjem elevane til gode i klasserommet.

Resultat vert formidla til ei rekke brukar (lærarar, studentar, lærarutdannarar, skulefagleg tilsette i kommunar, forskarar o.l.) nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet vil medverke med kunnskap til lærarstudentar og lærarar i ulike fasar av karrieren på eit område som kan vere avgjerande for elevar si læring og læringsutbytte. Kunnskap frå prosjektet kan òg redusere utfordringar for nyutdanna lærarar og såleis medverke til å redusere fråfall frå yrket.

CIESL er eit samarbeid mellom Institutt for grunnskuleutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS, Universitetet i Stavanger), Fakultetet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (EFL, Høgskulen i Telemark) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger) som leder prosjektet. 

Prosjektet er støtta av FINNUT-programmet til Forskingsrådet.

Forskargruppa i CIESL-prosjektet

Professor i pedagogikk
51832931
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor i pedagogisk psykologi
51832913
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor i pedagogisk psykologi
51832919
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk
51833518
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Seniorrådgiver
51832991
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultetsadministrasjonen UH
Administrasjon NSLA Avd. Stavanger
Førsteamanuensis i pedagogisk psykologi
51833698
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Ekstern tilknyttet UiS
51832918
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Universitetslektor i pedagogikk
51832971
Læringsmiljøsenteret, avd. Porsgrunn
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Avdeling Porsgrunn
Dosent i spesialpedagogikk
51832944
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Førsteamanuensis i spesialpedagogikk
51832936
Læringsmiljøsenteret, avd. Porsgrunn
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Avdeling Porsgrunn
Førsteamanuensis i pedagogisk psykologi
51832926
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Førsteamanuensis II i pedagogikk
University of Jyväskylä, Finland
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning