Medkjensle med ofra for jordskjelvet

Rektor Klaus Mohn oppfordrar tilsette og studentar om å ta vare på dei som er råka av jordskjelvet i Tyrkia.

Publisert Sist oppdatert

Klaus Mohn portrett

Natt til måndag vart Tyrkia og Syria ramma av eit stort jordskjelv. WHO frykter at talet på omkomne kan komme opp i 20.000. 

– Dette er ei grufull katastrofe som råker mange, også her på universitetet. Vi har både tilsette og studentar frå Tyrkia og Syria. Andre har kanskje familie, venner eller kjente som kan vere råka. Våre tankar går til dei alle. Eg vil oppfordre alle til å vise spesiell omtanke for kollegaer og medstudentar som no har det vanskeleg, seier rektor Klaus Mohn.

UiS har 14 tilsette frå Tyrkia og to frå Syria. Vi har 40 heilgradsstudentar og ein innvekslingsstudent frå dei to landa. Det kan i tillegg vere både studentar og tilsette som kjem frå dette området, men har norsk statsborgarskap.

Universitetet har følgande tilbod til studentar og tilsette som treng nokon å snakke med:

Studentar kan kontakte SiS Helse, som tilbyr samtaleterapi

Tilsette kan kontakte bedriftshelsetenesta