Kong Magnus Håkonsson, lovbøtaren

Knut Robberstad 1975. Knut Robberstad (†1981) var jurist og rettshistoriker ved Universitetet i Oslo.

Publisert Sist oppdatert

Figur 4

Magnus Lagabøtes lovbok, sidan kalla Landslovi, vart fyrst vedteki på Gulatinget 24. juni 1274, og boki vart dermed 700 år i 1974. 

Um dette lovbokverket har eg skrive i tidsskriftet Forskningsnytt, i eit hefte som kom ut i desember 1974 (nr.8). Her vil eg no draga fram noko um lovgjevaren Magnus Lagabøte. 

Han var fødd 1238, og var son til kong Håkon IV Håkonsson og dotterson til hertogen Skule Bårdsson. Han var dermed fødd til å retta upp att lov og orden i riket etter innbyrdes-krigane som hadde herja landet, med strider millom kongar og kongsemne i meir enn 100 år fram til år 1240, då kong Håkon vann over hertog Skule. Kong Magnus fekk 17 år til si riksstyring, og døydde 1280. Han arva kongeriket i samsvar med ei lov frå 1260. Hans kongetitel var: Magnus, med Guds miskunn Noregs konge, son til kong Håkon, sone­ sonen  til kong Sverre. Med kongedømet av Guds nåde fylgde den tanken at kongen berre stod til ansvar for Gud, og soleis var eineveldig i riket. Men likevel la kong Magnus si lovbok fram på dei store lagting og fekk henne vedteken der etter den gamle grunnsetning at nye lover skulde vedtakast på tinget åt dei folk som skulde stå under lovene. 

Kong Magnus høyrde teologiske fyrelesningar hjå fransiskanmunkane i Bjørgvin. Det går fram av hans lovbok at han hadde god kjennskap til si tids åndskultur. 

Åndskulturen på 1200-talet var bygd på kristendamen, på den antikke kulturen frå Hellas og Roma, og på det heimlege grunnlaget. På universiteti ute i Europa var teologien den fremste vitskapsgrein. Men der vart og studert rettsvitskap. Det var romarretten, og den var å finna i den digre samlingi Corpus juris civilis, samla av keisar Justinian i Konstantinopel tidleg på 500-talet. Og det var kyrkjeretten, i samlingi Corpus juris canonici, frå 1100- og 1200-tali. 

Til umstendi kring lovbokarbeidet høyrde surne eigenskapar hjå kong Magnus sjølv. I Stavanger domkyrkje er det uppe i koren byster av kong Magnus på den eine sida og av hans søner Eirik og Håkon på den andre sida. Dei må vera laga etter 1270 og før dei to gutane vart vaksne. 

Her i sumar gjekk eg endå ein gong i domkyrkja og vilde sjå dei 3 steinbileti, eg vilde samla tankane og taka imot det som stein-bileti tala. Det som bysten av kong Magnus tala til meg, var då: Dette var ein mann med ein romsleg velskapt hovudskalle, ein klok og umtenkt mann, ålvorsam, roleg, var og mild. 

Det var underlegt å finna kor dette samsvara med det ettermælet som kong Magnus fekk hjå den islandske biskopen Arne Helgjeson (biskop i Skålholt 1304 – 1320) i soga um den islandske biskop Ame Torlaksson (i Skålholt 1269 – 1298): Han var den milde kong Magnus, landsens klåre lampe, ein sann far for fosterjordi og ein heider for klerkane. 

Steinbileti av dei to sønene viser at begge då var unge. Eirik er sjukleg og lidande, og det ser ut som det ikkje er sers mykje med han. Håkon er ein frisk ung gut, bra klok, helst godlynd, har eit rolegt mynde og ålvor. Men me veit frå onnor kjelde at Håkon Magnusson kunde verta rasande. Det har me skriftleg frå han sjølv i ei rettarbot til Hadeland dagsett 22. juli 1297. Der skreiv han at hadelendingane hadde nekta å gå med på eit skattepålegg som han hadde gjort, og difor var dei alle saman verde å missa liv og eigedom. Gerhard Fischer har skrive um dei tri steinbileti i si bok, Domkirken i Stavanger (1964,. s. 60 o.u.). Han skreiv at ein kan "vanskelig tvile på at våre tre hoder virkelig er portretter". 

Ein ven har synt meg eit stykke som står i det engelske bladet The Guardian for 21. september 1974. Det har til overskrift The changing face of royal subjects, og er av ei Caroline Tisdall. Der vert umtala at det nasjonale biletgalleriet har halde eit biletsjå med fotografi av steinbilete som syner kongar på 1100- og 1200-tali. Desse bileti var ikkje portrett, men synte eit ideal-bilete av korleis ein konge skulde sjå ut. Det var då to typar som bilethoggarane valde millom: ein gudeleg konge og ein riddarleg konge. Kva for ein kar biletet galdt, såg ein på våpenmerket og ikkje på andlitet. Det var kong Rikard Il i England (1377 – 1399) som kravde at bileti av han og hans dronning skulde likna. Eg kann ikkje tru noko anna enn at dei tri steinbileti i Stavangerdomen er portrett. ldealbileti laga dei vel helst når bilethoggaren ikkje hadde sett den som bilethoggarverket skulde vera minne um. 

Men attåt dette synest eg at sumt i innhaldet av lovboki samsvarar med biletet av Magnus Lagabøte. Det er det kristelege huglaget, hans måtehald og hans umsut for småkårsfolket. På hans tid må Noreg ha vore noko overfolka, so det var småkårsfolk nok. I lovboki står ei ny fyresegn um at den kongelege syslemannen skulde reisa påtale i straffesaker, at det skulde tvangskjøpast såkorn til den som ikkje hadde til så, at berre den skuldige skulde straffast for ugjerningi, at det skulde vera klåre reglar um kva rett og skyldnad ein leiglending skulde ha, at fatigfolk skulde få skyss frå gard til gard (fara på legd). Det var den offentlege fatigforsyting like til år 1901, og forsytingsmåten var den beste dei kunde ha under naturalhushaldet. 

Magnus Lagabøte levde i høgmillomalderen, den tid då gotikken rådde. Hans lovbok er eit verk av gotikken, det er eit storverk, og har ikkje sin like i vårt land.