Kulturpolitisk valdebatt: Kva betyr kulturlivet for samfunnsutviklinga?

Torsdag 8. juni 2023 kl. 19:00-21:30,
Spor 5, Stavanger.

Som eit vorspiel til Bjergstedkonferansen 9. november inviterer Fakultet for utøvande kunstfag, i samarbeid med Stavanger Aftenblad, til debatt nå i vår!

Publisert Sist oppdatert
Plakat til kulturpolitisk debatt på Spor 5

I forkant av lokalvalet i haust inviterer Fakultet for utøvande kunstfag ved UiS, i samarbeid med Stavanger Aftenblad, til kulturpolitisk debatt på Spor 5 den 8. juni!

Kvelden og debatten blir eit vorspiel til Bjergstedkonferansen 9. november som UiS arrangerer i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune.

Denne kveldens debatt vil sjå nærmare på spørsmålet: Kva betyr kulturlivet for samfunnsutviklinga?

Valåret 2023 kom med både dyrtid og dyrebare løfte på kunst- og kulturfeltet. Storstilte ambisjonar i Rogaland summerer seg nå til mange milliardar kroner. Korleis vil politikarane prioritere, og kva er deiras tankar for kulturpolitikken dei neste ti åra? Og kva finn vi av konkret kulturpolitikk i partiprogramma? Kva slags plass meiner politikarane at kulturen skal ha i samfunnsutviklinga i Rogaland?

Kveldens debatt blir leia av politisk redaktør i Stavanger Aftenblad, Harald Birkevold.

Program:

Velkomst og introduksjon ved Harald Eikaas, dekan ved Fakultet for utøvande kunstfag, UiS

Oppspark frå kulturfeltet:

  •  Jan Zahl, Stavanger Aftenblad – Om fordelinga av dei statlege kulturpengane
  • Jens Borge – Kulturpolitiske betraktningar frå underskogen i regionens musikkliv
  • Glenn André Kaada, teatersjef Rogaland teater – Kulturpolitikken sett frå institusjonane
  • Silje Salomonsen, skodespelar og filmskapar – Gjer det sjølv-mentaliteten og lokal bjansjeutvikling
  • Martha Lyse, daglig leiar i STAR – Kvar blir det av alle talenta?
  • Marit Sandsmark, RIMI/IMIR Scenekunst – Kulturpolitikk sett frå det frie kunstfeltet

Pause

Kulturpolitisk valdebatt:

  • Dag Mossige (Ap), bystyret Stavanger
  • Kjell Erik Grøsfjeld (H), fraksjonsleder for kultur og idrett
  • Bjarne Kvadsheim (Sp), UKIS-leiar
  • Frode Berge, fylkesordførarkandidat Arbeiderpartiet
  • Ole Ueland, fylkesordførarkandidat, Høyre

Arrangementet er gratis. Velkommen!