Podkast på DDV

Hos DDV har vi vårt eiga podkaststudio, som du som lærarstudent kan reservere tid til å bruke heilt gratis!

Publisert Sist oppdatert
Fire mikrofoner og en miksepult

Vi har fire mikrofonar og ein miksepult frå Røde, samt moglegheit for lydeffektar. Første gong du reserverar tid i podkaststudioet vårt går du gjennom ei obligatorisk rettleiing, der vi viser deg korleis du spelar inn, lagrar og overfører lydfila til din PC. Vi kan òg gi deg tips til blant anna køyreplan, god flyt i podkasten og redigering i etterkant. Då er du sikra eit godt resultat allereie første gong du spelar inn podkast. I tillegg har vi mykje erfaring med å rettleie studentar i bruk av podkast i skolen, og kan til dømes gi deg tips til korleis bruke podkast i samanheng med praksis. Spør oss gjerne, så hjelper vi så godt vi kan!

Du er velkomen hos oss anten du skal spele inn podkast til arbeidskrav, eller skal lage din heilt eigen podkast. Send oss gjerne ein mail på ddv1@uis.no, eller kom innom DDV i våre opningstidar 08.30 - 15.00 for å reservere tid.