UiS har eit breitt samansett tilbod med vidareutdanningar for deg som er lærar eller tilsett i skulen. Våre vidareutdanningar oppdaterer deg fagleg med ny, forskingsbasert kunnskap om relevante temaer for skulekvardagen.
Alle vidareutdanningane ved UiS er anten samlingsbaserte eller digitale. (Foto: Elisabeth Tønnessen/ Læringsmiljøsenteret, UiS)
Emne
Har du fireårig lærerutdanning og minst to års erfaring frå skulen? No kan du ta ein master i fagdidaktikk for grunnskulen ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Vil du læra meir om kva som kjenneteikner god begynnaropplæring? Vil du ha forskingsoppdatert fagleg påfyll om korleis du kan gje god undervisning i lesing, skriving og rekning for elevar på 1. til 7. trinn?
Ønsker du å bli betre til å skriva, og samtidig bli ein betre rettleiar i skriving? Videreutdanninga i kreativ skriving er tilpassa deg som jobbar i barneskulen. I emnet vil du både jobba med å skriva eigne tekstar, og gi ei innføring i motivasjonsteori.
Andrespråkspedagogikk er ei samlingsbasert vidareutdanning som passar for deg som vil auka din kompetanse innan fleirspråklegheit og andrespråkslæring.
Du får grunnleggjende kompetanse i fagfeltet norsk som andrespråk gjennom både teoretiske, didaktiske og praktiske innganger og konkrete verktøy for tilrettelegging av opplæring i norsk for voksne innlærarar.
Med denne vidareutdanninga tilfredsstiller du Integreringslovas krav om 30 studiepoeng i norsk som andrespråk som underviser.
Studiet er for deg som jobbar i skulen og ønskjer å bli betre til å handtere mobbeproblematikk i praksis.
Studiet gir grunnleggjande kunnskap og forståing om mobbing slik at du blir betre rusta til å følgje opp aktivitetsplikten i kapittel 9A. Dette ved å setje i verk forskingsbaserte metodar for å: førebyggje, avdekkje og stoppe mobbing, i tillegg til å følgje opp i etterkant av ei mobbesak.
UiS tilbyr fire emner innan IKT i læring og undervisning. Emna tek for seg alt frå personvern, lovverk, digital kommunikasjon og klasseleiing i teknologiske klasserom.
Lær deg grunnleggjande programmering til bruk i skolefaga i grunnskulen! Kurset er retta mot lærarar og lærerstudentar som underviser matematikk i grunnskulen og vil lære deg å planleggje og gjennomføre opplæring i programmering.
Mikroemne frå Universitetet i Stavanger kan vere heildigitale eller samlingsbaserte, frå 2,5 til 5 studiepoeng.
Mikroemne som gir deg 2,5 studiepoeng. Emnet er heildigitalt og vil gi deg forslag til korleis lesekvarten som ein didaktisk praksis kan bli utnytta og utvikla i klasserommet.
Mikroemne på 2,5 studiepoeng. Dette er eit heildigitalt studie som vi gi deg betre innsikt i korleis du kan oppdaga leseutfordringar i vanskelege tekster, og korleis du støttar elevane i å utvikla betre leseforståing.
Dette mikroemnet vil gi deg verktøy for å støtta elevane si leseforståing som ein integrert del av fagopplæringa. Emnet er heildigitalt og på 2,5 studiepoeng, og er egna for deg som jobbar med elevar på 3. til 10. trinn.
Dette mikroemnet er heildigitalt og på 5 studiepoeng. I emnet vil du læra meir om verktøy du kan nytta for å skapa engasjement og motivasjon i klasserommet tilknytta tekstarbeid.
Dette mikroemnet er heildigitalt og på 5 studiepoeng. I emnet vil du læra meir om verktøy du kan nytta for å skapa engasjement og motivasjon i klasserommet tilknytta tekstarbeid.
Digitalt og samlingsbasert studium på 5 studiepoeng. Med utgangspunkt i ulike religioner, kulturer, historiske tidsepoker og politiske kontekster utforskes store spørsmål vi mennesker forholder oss til.
Fleire av UiS sine vidareutdanningsfag inngår i ordninga Kompetanse for kvalitet.
Når eit fag er med i denne ordninga kan ein søke økonomisk støtte gjennom Utdanningsdirektoratet. Det fins to ordningar: ein vikarordning og ein stipendordning.
Ordninga søkast om gjennom Udir. Merk at søknadsfristen for KFK kan vere annleis enn fristen for å søka på sjølve faget du vil ta.
Inspirasjonen jeg kjenner på etter samlingsdager på studiet gir økt motivasjon til å gå i gang med kunst og håndverksfaget, i tillegg til et fornyet syn på det å undervise generelt. Jeg ser jeg kan bruke mye mer "kunst", lek og kreativitet i alle fag.