I Active for Life er hovudmålet å generere ny kunnskap for å betre forstå, gjennom ein holistisk tilnærming, korleis born, ungdom og vaksne kan oppnå livslang rørsleglede.
Publisert
Sist oppdatert

Programområdet har tre hovudforskingstema som utgangspunkt i arbeidet sitt:
- læring gjennom kroppen i rørsle
- helse og livskvalitet
- overgangar mellom ulike aldersgrupper
Programområdet skal vidareutvikle tre forskingsgrupper basert på kva alder og kontekst deltakarane tilhøyrer. Forskinggrupper tilknytt programområdet:
- Idrettsvitskap
- Barnehage/fysisk fostring
- Kroppsøving: Profesjonsutvikling i skulesystemet | Universitetet i Stavanger (uis.no)
Eksternt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid står sentralt i programområdet sine aktivitetar.
For meir informasjon om programområdet og aktivitetane deira, samt pågåande forskingsprosjekt, ver venleg å ta kontakt med leiar Sebastian Schanche Sandgren eller nestleiar Dag Ove Hovdal.