Opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar i helse og medisin består av ein emnedel på 30 studiepoeng og ein formidlingsdel. Dette støttar arbeidet med avhandlinga og sikrar brei fagleg og vitskapleg kompetanse.
Du har stor fridom til å velje kva emne og formidlingsaktivitetar som skal inngå i opplæringsdelen for doktorgradsprosjektet ditt.
Nedanfor finn du informasjon om rammene for opplæringsdelen.
Emnedel
Emnedelen utgjer 30 studiepoeng. Emna skal normalt vere på ph.d.-nivå og planen for emnedelen må være godkjend på førehand.
Følgjande minstekrav gjeld for emnedelen:
- 10 studiepoeng i vitskapsteori og forskingsetikk
- 10 studiepoeng i forskingsmetode
- 10 studiepoeng i fordjupingsemne
Vårt ph.d.-program tilbyr emne innan kvar av dei tre bolkane, slik at du kan fullføre emnedelen. Emne på doktorgradsnivå frå andre fakultet eller nasjonale og internasjonale utdanningsinstitusjonar kan óg innpassast i opplæringsdelen. Fakultetet er positiv til at ph.d.-emne tas ved andre utdanningsinstitusjonar.
Finn oversikt over aktuelle ph.d.-emner.
Individuelt lesepensum
Dersom du ikkje finn relevante emne, kan du saman med rettleiar lage eit individuelt lesepensum. Dette vert akkreditert som eit «småemne» og kan gje mellom 1 og 5 studiepoeng. Eit studiepoeng tilsvarar 25 til 30 timars arbeid. Søknad om individuelt lesepensum sendast til healthandmedicine@uis.no.
Formidlingsdel
For å kunne avleggje doktorgradsprøva må ph.d.-kandidatar ha erfaring med fagleg formidling. Den faglege formidlingsdelen skal innehalde:
- Jamlege presentasjonar av forskingsprogresjonen i det faglege miljøet ved UiS.
- Minst ein presentasjon på internasjonal fagleg konferanse i løpet av studietida.
- Minst eitt populærvitskapleg bidrag i løpet av studietida.
Formidlingsaktivitetane kan vere knytt til både obligatoriske oppgåver i opplæringsdelen og avhandlingsarbeidet. Munnlege presentasjonar undervegs i ph.d.-løpet skal gje kandidatane praktisk øving i forskingsformidling og kvalitetssikring av det sjølvstendige avhandlingsarbeidet.
Dokumentasjon på formidlingserfaring skal leverast saman med søknad om godkjenning av fullført opplæringsdel. Ta derfor vare på konferansebrosjyrer/-agenda og relevant informasjon om eigne bidrag.
Godkjenning og endring av opplæringsdelen
Plan for opplæringsdelen vert godkjend samtidig med godkjenninga av prosjektplanen for doktorgradsprosjektet ditt. Ved endringar i opplæringsdelen må du søkje om godkjenning. Ta kontakt med ph.d.-koordinatorane på healthandmedicine@uis.no.
Opplæringsdelen må vere fullført og godkjend av fakultetet før avhandlinga kan leverast inn til vurdering. Søknad om godkjenning av fullført opplæringsdel sendast til healthandmedicine@uis.no.