Det er fleire vegar inn i ph.d.-programmet. Du kan søkja opptak med ei stipendiatstilling ved UiS, eller du kan søkja med ekstern finansiering.
Opptakskrav
For å kunne søkje opptak på ph.d.-programmet i helse og medisin må du ha:
- femårig master eller tilsvarande utdanning fra et relevant fagfelt
- sterk fagleg bakgrunn frå tidligare studiar
- dokumentasjon på full finansiering i doktorgradsperioden
- ein rettleiar ved Det helsevitskaplege fakultet
- ei fullstendig prosjektbeskriving som viser din rolle i prosjektet
Søk opptak
Du kan søkje opptak til ph.d.-programmet på to måtar:
1. Søk på ei stipendiatstilling
Mange ph.d.-kandidatar fullfinansierar utdanninga gjennom ei stipendiatstilling. Søknad om opptak på programmet skjer då ved at ein søkjer på ei stipendiatstilling som blir lagt ut på Jobbnorge.
I utlysingane står alle krava til søknaden din. Normalt består det av ei prosjektskisse og fleire kvalifikasjonskrav. Om du blir tilsett i ei stipendiatstilling ved Det helsevitskaplege fakultet, inneber det at du blir tatt opp på ph.d.-programmet i helse og medisin.
Blir du tatt opp gjennom tilsetting i ein stipendiatstilling må du innan 3 månader sende inn din ferdige prosjektplan til doktorgradsutvalet for vurdering.
2. Søk med ekstern finansiering
Du kan også søkje opptak til ph.d-utdanning med ekstern finansiering. Økonomiske forhold knytt til gjennomføring av ph.d.-studiet må være avklart før søknad om opptak til ph.d.-studium kan godkjennast.
For ph.d.-programmet i helse og medisin krev me dokumentasjon på fullfinansiering av forskarutdanninga, inkludert utanlandsopphald og driftsmiddel. Me tillater ikkje såkalla sjølvfinansiering.
Nærings- og offentleg sektor ph.d.
Arbeidsgivarar kan søkja ordninga offentleg sektor-ph.d. eller nærings-ph.d. for sine tilsette. Ei offentleg verksemd eller bedrift kan søkje om eit økonomisk tilskot gjennom Forskingsrådet, som svarer til halve stipendsatsen i tre år. Slike prosjekt er eit samarbeid mellom tre partar: den offentlege verksemda, UiS og kandidaten. Les meir om nærings- og offentleg sektor ph.d.
Krav til søknaden
Søknad om opptak til ph.d.-programmet i helse og medisin sendast til healthandmedicine@uis.no og skal innehalde:
- Søknadsskjema (pdf)
- Vitnemål + din CV
- Dokumentasjon på finansiering
- Prosjektbeskriving (se rettleiande mal (pdf))
- Skjema for rettleiarerfaring (docx)(med CV inntil 3 sider)
- Tillatingar/godkjenningar (f.eks. REK-godkjenning om det er aktuelt)
Du trenger en veileder for å søke opptak til ph.d.-programmet. Bruk ansattsøket for å finne en veileder ved Det helsevitenskapelige fakultet.
Søknadar om opptak behandlast månadleg i fakultetet sitt doktorgradsutval, som gjer ei samla vurdering av søknaden. Fristen for å levere sakar til doktorgradsutvalet er 10 arbeidsdagar før møtedato.
Ta kontakt med ph.d.-administrasjonen for rettleiing før søknad om opptak healthandmedicine@uis.no
Opptaksreglar
Ph.d.-forskrifta, § 2-1:
For opptak til doktorgradsutdanninga skal søkjaren ha ei femårig mastergrad eller tilsvarande utdanning, i samsvar med skildringane i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverkets andre syklus, som fakultetet har godkjent som grunnlag for opptak. Fakultetet kan etter særskild vurdering godkjenna anna likeverdig utdanning som grunnlag for opptak. Fakultetet sjølv kan i utfyllande reglar fastsetja ytterlegare krav for opptak.
Utfyllande regel, § 2-1:
Søkjaren skal ha ein sterk fagleg bakgrunn. Doktorgradsutvalet skal etter ei samla vurdering rekna det som svært sannsynleg at kandidaten kan gjennomføra eit ph.d.-studium på normert tid.