Irene Sirevåg har forska på operasjonssjukepleiarars ikkje-tekniske ferdigheiter. Desse ferdigheitene er avgjerande for å vareta tryggleiken til pasientar som går gjennom kirurgiske inngrep.
Ho disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Det helsevitskaplege fakultetet 7. oktober 2024, der ho forsvarte avhandlinga: Development and validation of the Non-Technical Skills for Operating Room Nurses (NOTSORN) tool
Kva har du forska på?
Eg har forska på operasjonssjukepleiarars ikkje-tekniske ferdigheiter, det vil seie ferdigheiter innan kommunikasjon, samhandling og evna til å forstå kva som skjer rundt seg. Denne forståinga er avgjerande for å ta gode avgjerder. Det kirurgiske teamet samarbeider for å gi best mogleg behandling og omsorg til pasienten, og ikkje-tekniske ferdigheiter er viktige for å unngå pasientskadar og sikre tryggleiken til pasientane under operasjon.
Desse ferdigheitene kan trenast opp, mellom anna ved hjelp av ulike verktøy som definerer ferdigheitene og gir døme på ønska åtferd. Det har tidlegare vore utvikla slike verktøy for kirurgar, anestesilegar og anestesisjukepleiarar, men det har mangla eit verktøy spesielt for operasjonssjukepleiarar.
Det overordna målet med doktorgradsavhandlinga mi var å utvikle og validere eit nytt verktøy for ikkje-tekniske ferdigheiter for operasjonssjukepleiarar, og å undersøkje korleis dette kan bidra til å heve kvaliteten på praksisen deira.
Kva fann du ut?
Eg identifiserte dei viktigaste ikkje-tekniske ferdigheitene som operasjonssjukepleiarar treng, og utvikla verktøyet NOTSORN (Non-Technical Skills for Operating Room Nurses) basert på desse ferdigheitene. Verktøyet bygger vidare på tidlegare verktøy utvikla for kirurgar og anestesilegar. Eg fann også ut at NOTSORN er relevant for operasjonssjukepleiarar i Noreg og i åtte andre land.
Kva kan forskingsfunna brukast til?
Verktøyet eg har utvikla kan brukast i rettleiing av operasjonssjukepleiestudentar og nyutdanna operasjonssjukepleiarar for å fremje raskare læring av ikkje-tekniske ferdigheiter. Det kan også nyttast som grunnlag for undervisning i slike ferdigheiter. Funna mine bidreg til ei oppdatert forståing av operasjonssjukepleie som fag, noko som kan auke innsikta i operasjonssjukepleiarens viktige rolle i trygg og effektiv pasientbehandling samt førebygging av skadar under kirurgiske inngrep.
Irene Sirevåg er førsteamanuensis i operasjonssjukepleie ved Det helsevitskapelege fakultet på UiS. Ho er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning og mastergrad i operasjonssjukepleie, og har arbeidserfaring frå operasjonsavdelinga på Stavanger universitetssjukehus. Sirevåg er tilknytta forskingssenteret SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten.