Forskningsdagene i Stavanger-regionen 2024
18. til 29. september 2024
Program 2024
Gratis og for alle
Forskingsdagane 2024 føregår frå onsdag 18. september til søndag 29. september. I desse tolv dagane kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. I år fyller Forskingsdagane 30 år, og festivaltema i jubileumsåret er eit tema som engasjerer alle, nemleg helse.
Helse er tema for Forskingsdagane 2024
Årets tema gir rom for å tenkje stort og breitt, til dømes om helsa til planeten vår og folkehelsa, eller zoome heilt inn på enkeltindividar, organar og organismar. Helse kan også vere så mykje meir enn det vi kanskje tenkjer på heilt omgåande, som tema innanfor samfunnsvitskap og humaniora. Kva betyr helse for deg?
Helse angår oss menneske fysisk og psykisk, men også dyrehelse og helse i hav og natur er aktuelle tema. Sunn mat og sunt kosthald for menneske og berekraftig fôr for dyr og fisk er andre viktige sider ved helsetemaet.
Fleire av FNs berekraftsmål handlar nettopp om helse, tilgang til mat og reint vatn, i tillegg til omsyn til livet på land og i havet.
Medlemsstatane i FN har vorte einige om ei rekkje tiltak for å sikre fleire ei god helse. Og forskarar i vår region jobbar kvar dag med å gje verda viktig kunnskap for at vi skal nå måla. Til dømes har vi forsking på korleis vi kan gje betre hjelp til born og mødre under fødsel, sikre at fleire born veks opp utanfor fattigdom, auke tryggleiken for pasientar, utvikling av medisinsk teknologi og bruk av kunstig intelligens, samspelet mellom menneske, natur og miljø og mykje, mykje meir.
Under Forskingsdagane 2024 skal vi vise fram banebrytande helseforsking og innovasjonar som skal vere med på å løyse dei store utfordringane verda står overfor.
Forskar Grand Prix vender tilbake! Sjå årets deltakarar!
Ti forskarar står på scena. Kvar av dei har fire minutt på seg til å begeistre publikum og dommerpanelet med forskinga og ikkje minst formidlinga si. Kven blir regionens og landets beste forskingsformidlar?
Stavanger-regionen har vore med i Forskar Grand Prix heilt fra starten i 2010. Pandemien gjorde at det blei pause i nokre år, men no har vi leita fram konfettikanon og vandrepokalen og er klare til å vise fram våre forskar- og formidlingstalent blant ph.d-kandidatane i regionen.
Deltakarar i Forskar Grand Prix 2024 er bak frå venstre: Veronica Olin Øverlid (VID), Thomas Meldahl Olsen (UiS), Marte Pupe Støyva (UiS), Sasan Zarghooni-Hoffmann (UiS), Øystein Nybøe (UiS) og heilt framst f.v..: Ingrid Hilmer (UiS), Frida Layti (UiS) og Veronika Lorentzen (UiS). Gudrun David Sigmo (SUS) og Cecilie Aarøe (UiS) var ikkje til stades då biletet vart teke.
Her kan du lese meir om årets deltakarar i Forskar Grand Prix Stavanger.
Kva er Forskingsdagane?
Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg tolv dagar lang festival i regi av Forskingsrådet som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forskings- og kunnskapsinstitusjonar i heile landet tar del i. Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking.
Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskingsverda. Arrangementa går føre seg både på og utanfor forskarens vante arena for forskingsformidling.
Festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskningsfestivalar. Kvart år peikar Forskningsrådet ut eit overordna tema for festivalen som dei fleste arrangementa handlar om på ein eller annan måte.
Festivalen startar kvart år på onsdagen i veke 38 og varer til søndagen i veke 39.
Arbeidsgruppa for Forskningsdagene Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Rogaland fylkeskommune, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen og eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.
Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), Norce, Norsk Oljemuseum, Rogaland fylkeskommune, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, VID vitskaplege høgskole og Universitetet i Stavanger. UiS er koordinator Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS har koordinatoransvaret i regionen og eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på knytta til Forskingsdagane i Stavanger-regionen: forskningsdagene@uis.no Følg oss på Facebook
Har du og ditt fagmiljø som forskarar i Stavanger-regionen ein god idé til eit arrangement under Forskingsdagane? Ta kontakt på e-post: forskningsdagene@uis.no Delta på Forskingstorget? Har du og fagmiljøet ditt lyst å ha ein stand på Forskingstorget laurdag 21. september 2024? Meld di interesse til Ilse Ros: ilse.ros@tekna.no Les meir på den nasjonale nettsida til Forskingsdagane.
Opplev forskarane våre! Frå tidlegare arrangement
Takk til dei som støttar og hjelper oss!
Festivalen får støtte frå Stavanger kommune / Kunnskapsbyen Stavanger, Rogaland fylkeskommune, Forskerforbundet og Norges Forskningsråd.
Ei rekke andre aktørar bidrar til innhald, aktivitetar og enkeltarrangement. Vil du vere med? Send oss ein e-post!