Er høgare utdanning best tilpassa akademikarbarn? Amerikanske forskarar meiner utdanningsinstitusjonane må kople førsegenerasjonsstudentane sine eigne livserfaringar til det faglege arbeidet for å inkludere dei i den akademiske verda.
Mangfoldet blant studenter som søker seg til høyere utdanning har økt dei siste åra. Studentpopulasjonen i dag er meir mangfoldig enn før, både når det gjelder sosial, kulturell og sosial bakgrunn. Men korleis klarer desse nye studentene seg i akademia?
Ein førstegenerasjonsstudent er den første frå sin familie som tar høgare utdanning. Desse førstegenerasjonsstudentane tar steget ut i ei verd som studentar frå familiar med akademisk utdanning allereie har kjennskap til. Internasjonal forsking har konkludert med at dette gir akademikarbarna eit fortrinn i høgare utdanning. Blant anna viser forskinga at dei fleste studentar med låg sosioøkonomisk status går ut i arbeid etter endt bachelorgrad, mens studentar med høgare sosioøkonomisk status vel å fortsette med studiar på høgare nivå.
Debatten om ein må vere fra middelklassen for å gjøre det bra på universitetet har også gått her i Norge. Mellom anna har professor i psykolgi Jonas R. Kunst i et innlegg i Khrono påpekt at «Førstegenerasjons-studenter er en vanskeligstilt, men «usynlig» gruppe", som møter på mange utfordringar i utdanningsforløpet, og at utdanningsinstitusjonane må gjere meir for å inkludere desse studentane.
Må førstegenerasjonsstudenten fiksast?
I kunnskapsoversynet First-Generation College Students as Academic Learners: A Systematic Review har amerikanske forskarar analysert og oppsummert 59 studier frå USA som alle undersøker førstegenerasjonsstudentane si akademiske læring (Kunnskapssenter for utdanning har laga eit norsk samandrag av dette kunnskapsoversynet, som du kan lese her). Forfattarene av kunnskapsoversynet er interessert i korleis ein kan bruke førstegenerasjonsstudentane sine livserfaringar i staden for å forvente at studentane tilpassar og endrar seg gjennom å legge vekk desse erfaringane. Dei er med andre ord ikkje interesserte i kva denne studentgruppa må gjere for å tilpasse seg institusjonen, men kva institusjonen kan gjere for å inkludere førstegenerasjonsstudentane.
Dei fleste studiene som er gjort på temaet, tek utgangspunkt i eit mangelperspektiv: at førstegenerasjonsstudenten har nokre manglar ved seg som må fiksast, slik at hen kan bli som andre studentar - altså bli assimilert inn i majoritetsgruppa. På same tid fins det studiar som tek utgangspunkt i at førstegenerasjonsstudentar har verdifulle livserfaringar: Desse erfaringane kan bidra til akademisk læring, personleg vekst og utvikling.
Dersom førstegenerasjonsstudentane sine livserfaringar blir kopla til akademisk arbeid og anerkjent som relevante og verdifulle, kan desse studentane få ein lettare inngang til akademia og samfunnsliv
Et nytt syn på førstegenerasjonsstudenten
På same tid kan perspektiva til desse studentane vere samfunnsnyttige: Ved å legge til rette for ein tovegskommunikasjon mellom institusjon og student, mellom anna ved å oppfordre førstegenerasjonsstudentar til å bruke eigne erfaringar i deira akademiske arbeid, opnar utdanningsinstitusjonen for å sette studentane i stand til å gjere kritiske vurderingar av samfunnsstrukturar, andre individ og seg sjølv, og bruke desse nye innsiktene til å styre både dei faglege og dei sosiale omgjevnadene i nye retningar.
Forskarene oppmodar både forskingsfeltet og utdanningsfeltet til å sjå førstegenerasjonsstudentane på ein ny måte, til dømes med å unngå å samanlikne denne gruppa med den såkalla gjennomsnittsstudenten. Dei meiner høgare utdanning må skape rom i undervisinga for utforsking av korleis studenten kan bruke sine livserfaringar i den akademiske utviklinga. Ein slik utvikling hevdar forskarane kan vise seg fruktbar både for studenten og institusjonen.