Ei utdanning frå universitet eller høgskule er blitt meir vanleg og nødvendig for å kunne konkurrere i eit krevjande arbeidsmarknad. Likevel fullfører mange studentar ikkje si påbegynte grad. Dette systematiske kunnskapsoversynet undersøkjer kva påverknad sosialpsykologiske tiltak for studentar ved universitet og høgskular har på resultat og gjennomføring av akademiske gradar. Funna viser at sosialpsykologiske tiltak kan bidra til å betre dei akademiske resultata til studentane, og at tiltaka særleg hjelper studentar som står i risiko for å falle ut av studiane.
Eit forskningsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversikter. Forskingsnotatet gjer forskningen meir tilgjengeleg og lesarvennleg.
Sosialpsykologiske tiltak ser ut til å vere særleg til nytte for studentar som har mindre sannsyn til å fortsette på høgare utdanning i det heile, eller fortsette innanfor spesifikke fag.
Bakgrunn
Dette er eit systematisk kunnskapsoversyn om sosialpsykologiske tiltak ved universitet og høgskuler. Sosialpsykologiske tiltak har som mål å påverke sosialpsykologiske prosessar som kan forstyrre studentar si evne til å fungere akademisk. Sosialpsykologiske tiltak er delt i tre kategoriar; studentane sin opplevde verdi av høgare utdanning, innramminga av akademiske utfordringar, og personlege verdiar. Tidlegare kunnskapsoversyn har ikkje fokusert spesifikt på høgare utdanning, men snarare utdanningsløpet som heilskap. Det manglande spesifikke fokuset gjer at det er lite kunnskap om korleis slike tiltak verkar på studentar i høgare utdanning. Universitet- og høgskule-konteksten er ein unik setting for tiltak retta mot motivasjon, då dette er ein periode med store overgangar for mange studentar, noko som har potensial til å forsterke kjensler av sjølv-tvil, angst og isolasjon.
inkluderer tre typar sosialpsykologiske tiltak som er relevante for høgare utdanning. Den første er eit oppgåvebasert verdi-tiltak. Her blir verdien og viktigheita av det faglege innhaldet kommunisert ved å vise kor relevante og nyttige akademiske oppgåver er for dei personlege måla til studentane, eller gjennom å oppmuntre studentane til å sjølv utforske nytteverdien av oppgåver. Det andre tiltaket dreiar seg om innramming av utfordringar. Her er fokus på utfordringane studentane møter, og dei får hjelp til å handtere motgang ved at ein oppmuntrar dei til å ramme inn utfordringar som vanlege og mogelege å betre. Den siste forma for tiltak dreiar seg om personlege verdiar. Her fokuserer ein på studentane sine eigne kjerneverdiar framfor berre å ha fokus på verdiane av faget.
Føremål
Det systematiske kunnskapsoversynet tek i bruk metaanalyse for å kunne gi eit oppdatert kunnskapsoversyn av effekten sosialpsykologiske tiltak har på dei akademiske resultata til studentane. Oversynet undersøkjer om anslått effektstørrelse varierer ved ulike målingar av resultat, studiekontekst, tiltaksdesign, og undergrupper av studentar. Fokuset på tiltak ved høgare utdanning er valt fordi universitet og høgskuler er ein unik setting kor studentane blir særleg autonome. Universitet og høgskular fremmer ansvar og motivasjon hos studentane.
Målet for det systematiske kunnskapsoversynet er å svare på følgande forskingsspørsmål: (1) kva er den gjennomsnittlege effekten av sosialpsykologiske tiltak på dei akademiske resultata til studentar i høgare utdanning? (2) kva for nokre karakteristikkar ved tiltak og deltakarar kan på førehand best seie noko om ulikheiter i gjennomsnittleg effektstørrelse?
Inkluderte studiar
Relevant litteratur blei samla inn gjennom søk i databasar for både publisert og grå litteratur ved hjelp av aktuelle søkeord. Også referanselister frå aktuelle bokkapittel og tidlegare kunnskapsoversyn i same felt blei undersøkte. Forfattarar innan motivasjonsfeltet blei kontakta for å be om tilgang til deira upubliserte arbeid. Resultata frå desse søka var berre aktuelle viss dei rapporterte empiriske resultat frå eit tiltak. Følgande kriterium for å inkludera studiar låg til grunn for det systematiske kunnskapsoversynet:
- Tiltaka var retta mot studentar ved universitet eller høgskule
- Tiltaka hadde som mål å direkte eller indirekte manipulere studentar sin vekstmentalitet, kjensle om å høyre til, nytteverdi, eller stadfesting av verdiar.
- Studien inkluderte ei tydeleg definert behandling og ei kontrollgruppe.
- Studien brukte randomisert inndeling .
- Studien inkluderte ein variabel om akademiske resultat i høgare utdanning.
- Studien rapporterte tilstrekkeleg informasjon slik at effektstørrelsen kunne bli kalkulert.
- Studien var publisert på engelsk.
- Studien var publisert mellom 1980 og 2019.
Det endelege talet på inkluderte studiar blei 41, noko som gjorde det mogeleg å kalkulere 111 effektstørrelsar.
Resultat
Det systematiske kunnskapsoversynet finn at denne typen tiltak bidrar til betre akademiske resultat, noko som er i tråd med funn frå tidlegare systematiske kunnskapsoversyn. Sosialpsykologiske tiltak ser ut til å vere særleg til nytte for studentar som har mindre sannsyn til å fortsette på høgare utdanning i det heile, eller fortsette innanfor spesifikke fag. Dette er i tråd med tidlegare funn som seier at sosialpsykologiske tiltak gjer mest nytte når dei er sikta inn mot spesifikke studentgrupper av spesifikke grunnar.
Majoriteten av studentar ved dei fleste universitet og høgskular kan trenge meir enn berre enkle tiltak for å komme seg vellykka gjennom høgare utdanning. Modellar om å halde ut ved institusjonar for høgare utdanning vektlegg viktigheita av sterke band mellom studentar og tilsette, og behovet for å dyrke dette i klasserommet. Interaksjonar av høg kvalitet, og erfaringane dei bidrar til å skape, er viktige for studentane si suksess.
Tidlegare
studiar har diskutert viktigheita av å kultivere utviklinga av ei «student i høgare utdanning»-identitet for ikkje-tradisjonelle studentar. Solanki et al. meiner difor at tiltak basert på eit identitet-rammeverk kan ha betydeleg påverknad.
Sosialpsykologiske tiltak i si nåverande form gir for det meste bodskapen til studentane ein gong i semesteret. Det er godt mogeleg at studentane kunne dratt nytte av at tiltaka blei repetert fleire gonger gjennom semesteret. Forfattarane legg fram dette forslaget, men seiar også at det er behov for vidare forsking på temaet då forslaget ikkje heng direkte saman med empiriske funn i dette kunnskapsoversynet.
Implikasjonar
Solanki et al. oppmuntrar til vidare forsking innan temaet. Eksempelvis manglar det empiri på effekten av tiltak gjennom heile semesteret i staden for ein gong i semesteret. Det er funne forskjellar i effekten av tiltaka i klasseromsetting og i lab-setting, men det er behov for meir forsking spesifikt på effekten i klasseromsetting. Mange former for tiltak treng vidare utforsking, inkludert tiltak som omhandlar fagleg tilknyting.
Det finst potensielle svakheiter ved dette systematiske kunnskapsoversynet, mellom anna mogeleg publikasjonsskeivskap og manglande empiri på effekten av enkelte former for tiltak.
På tross av svakheitene kan det systematiske kunnskapsoversynet vere nyttig. Sosialpsykologiske tiltak viser i snitt ein effekt som er stor nok til å ha betydeleg påverknad for studentar. Resultata av studien er dermed relevant for institusjonelle administratorar som jobbar for å hjelpe studentar å lukkast med utvikling, læring, engasjement, resultat og fullføring av akademiske gradar.
Solanki, S., Fitzpatrick, D., Jones, M.R. & Lee, H. (2020) Social-psychological interventions in college: A meta-analysis of effects on academic outcomes and heterogeneity by study context and treated population. Educational Research Review 31(2020) 100359 DOI: https://doi.org/10.1016/j.edurev.2020.100359