Undervisingsmodellen Tenkande klasserom har breidd om seg dei siste åra. Fleire skular og enkelte lærarutdanningar er i ferd med å prøve ut denne undervisningsmodellen. Universitetet i Stavanger nyttar Tenkande klasserom-metoden i matematikkundervisinga ved grunnskulelærarutdanninga, og i denne videoen får du sjå korleis det kan gjerast.
Lærarutdannarar i matematikkdidaktikk ved Universitetet i Stavanger (UiS) har teke i bruk eit nytt rammeverk for matematikkundervisning kalla Building Thinking Classrooms, eller Tenkande klasserom på norsk. Rammeverket er først og fremst utvikla med tanke på matematikkundervisning i skulen, men kan med enkle grep overførast til andre settingar og fag.
Hensikta med Tenkande klasserom-rammeverket er å forbetre den matematiske læringa ved å etablere eit klasserom der elevane ikkje berre imiterer og puggar det læraren fortel, men faktisk engasjerer seg i genuin matematisk tenking og problemløysing. Rammeverket består derfor av 14 forskingsbaserte praksisar læraren kan praktisere. Desse praksisane har vist seg å vere effektive for å sette i gong, eller oppretthalde, elevars matematiske tenking. Nokre av praksisane er synlege i videoen, der våre studentar tek rolla som elevar:
- Å bruke gode problemoppgåver
- Elevane står og skriv på vertikale, ikkje-permanente flater (whiteboard)
- Tilfeldige grupper på tre elevar
- Klasserommet har ikkje lenger ein tydeleg «front» der læraren er
- Presentasjonen av oppgåva skjer verbalt og ståande
- Læraren går rundt og gir hint tilpassa kvar gruppe
- Læraren tek i bruk elevanes arbeid i oppsummeringa – og bruker mest tid på det grunnleggjande
I tillegg er det andre praksisar som gjeld lekser, notat, vurdering og tilbakemeldingar som ikkje er synlege i denne videoen (sjå oversikt nedst i saka).
Rammeverket er eit eksempel på korleis ein kan drive praksisnær lærarutdanning på campus. På UiS får matematikklærarstudentane erfaringar med å bli undervist på denne måten i rolla som «elevar», i tillegg til at dei les forsking og teori, diskuterer praksisane, og får høve til å praktisere dei sjølve. Studentane får praksiserfaringar både i eigen praksis i skulen og ved at vi «låner» elevar og inviterer dei til campus, slik at studentane får øve på rolla som lærarar i eit tenkande klasserom. Rammeverket blir ikkje berre brukt til undervisning av matematisk problemløysing; tavlene blir også tatt i bruk når studentane skal oppsummere og drøfte forskingsartiklar og anna pensumlitteratur.
Tenkande klasserom har breidd om seg dei siste åra, og fleire skular og enkelte andre lærarutdanningar er òg i ferd med å prøve ut denne undervisningsmodellen.
Dei 14 praksisane i Tenkande klasserom
Dei 14 praksisane som er viktige når ein skal legge til rette for eit tenkande klasserom:
- Kva type oppgåver vi bruker
- Korleis vi sett saman grupper
- Kor elevane arbeider
- Korleis vi plasserer møblane
- Korleis vi svarar på spørsmål
- Når, kor og korleis vi gir oppgåver
- Korleis vi gir lekser
- Korleis vi fremjar elevanes autonomi
- Korleis vi bruker hint og utvidingar
- Korleis vi forankrar læring
- Korleis elevane tek notat
- Kva vi vel å evaluere
- Korleis vi bruker formativ vurdering
- Korleis vi gir karakterar
Lyst til å prøve deg på det matematiske problemet frå videoen?
Her er problemet studentane jobba med i denne videoen:
Ta for deg talfølgjer på forma {1, 2, 3, ..., n}. For kva verdiar av n er det mogleg å fjerne eitt av tala frå følgja og sidan fordele dei resterande tala i to summar med lik verdi? Eksempel:
{1, 2, 3, 4}, fjern talet 4, då kan dei resterande tala danne summar med lik verdi: 1 + 2 = 3.
{1, 2, 3, 4, 5, 6, 7}, fjern talet 2, då kan dei resterande tala danne summar med lik verdi:
1 + 5 + 7 = 3 + 4 + 6.
(Du må bruke alle tala som står att etter at du har fjerna eitt.)
Teksten ovanfor er utarbeidd av førsteamanuensis Åsmund Gjære og professor Janne Fauskanger ved Universitetet i Stavanger