Leik og lesing som satsing i barnehagen

Gjesdal kommune sette seg som mål å ha meir fokus på lesing og språkopplæring i kommunen sine barnehagar. Dette starta som eit samarbeid mellom Nasjonalt lesesenter og Gjesdal i regional ordning for kompetanseutvikling. For dei tilsette i Oltedal barnehage gav meir kunnskap god grobotn for å utvikla ny praksis.

Publisert Sist oppdatert

- Tidlegare har me kanskje planlagt litt mykje. Me legg til rette for nye leikeareal og har visse idear om korleis språk, litteratur og leik skal utførast under eit visst rammeverk. Så blir me kanskje litt skuffa når ungane ikkje lar seg engasjera over det som er planlagt, seier Irene Høiland, styrar i Oltedal barnehage.

Joanna Szalek - pedagogisk leiar, Oltedal barnehage
Joanna Szalek, pedagogisk leiar viser fram Dinoland. Foto: Birgit Rodvelt

Det var nettopp dette pedagogisk leiar, Joanna Szalek, klarte å snu på. I haust satt ho med eit ganske tomt leikeareal det ville vore kjekt å nytta til både læring og leik, og kommunen sitt fokus på god språkopplæring friskt i minne. I tillegg hadde eit av borna i avdelinga mykje kunnskap om eit spesifikt tema, og fortalte engasjert vidare om dette til dei andre. Joanna såg ein moglegheit i nettopp dette, og starta så smått med å gjera leikeområdet til det same temaet. Det blei starten på Dinoland.

Vegen blir til medan me går

- Me hadde ingen garanti for at temaet dinosaurar ville engasjera, men det var verdt eit forsøk. Me starta difor i det små, med figurar, jungel i taket og kunstige planter i vindauga, i tillegg til å nytta biblioteket til å finna bøker om temaet, fortel Joanna Szalek.

Borna i Oltedal barnehage laga dinosaurar i papir til leikeområdet
Borna laga mykje dinosaurrelatert i formgivinga Foto: Joanna Szalek.

Etter kvart som Joanna og hennar kollegaer såg at temaet og bøkene om dinosaurar engasjerte alle ungane, utvikla dei leikearealet meir, i samarbeid med ungane. Ein svær T-Rex i papp blei til i ei eigen temaveke om T-Rexen, og fleire bøker frå biblioteket blei lånt og lest, og temaet blei diskutert på tur ute i naturen.

I bokserien Daniel og dinosaurane skrive av Lisa Bjärbo trør guten Daniel inn i dinosaurane sitt land gjennom ein koffert, så det var klart at leikearealet òg måtte ha sin eigen koffert. Eit så enkelt grep førte til at ungane no fortel og leiker ut liknande dinosaurhistoriene på eigenhand når dei ikkje les i bøkene saman.

Gunn Helen Ofstad
Gunn Helen Ofstad, Lesesenteret UiS. Foto: Elisabeth Tønnessen.

Gunn Helen Ofstad er førstelektor i spesialpedagogikk ved Nasjonalt lesesenteri Stavanger, og syns måten barnehagen har jobba på er eit godt døme på godt språkarbeid i praksis.

- Det Oltedal barnehage har gjort her, viser korleis godt språkabeid oppstår når dei vaksne i barnehagen skaper felles leikereferanser med borna gjennom bøker. Å saman utvikla ei så god innsikt i eit tema, gjer at ungane aktivt får brukt kunnskapen sin og utviklar språket samtidig, seier Gunn Helen Ofstad.  

Borna utviklar god forteljarkompetanse og godt språk gjennom det tematiske engasjementet.  

«Kan me lesa ei bok om det?»

Ungane i avdelinga har også skjønt at dei vaksne ikkje kan alt om dinosaurar, men at meir informasjon finnes i litteraturen. Når ungane vil vita meir, har dei spurt dei vaksne om å leita fram bøker som handlar om noko spesifikt. Då har ungane møtt på nye omgrep, og Joanna og kollegaene hennar har forklart det ytterlegare gjennom leik.

- Ungane fekk interesse for korleis ein finn skjeletta etter dinosaurane, og då snakka me mykje om paleontologi og arkeologi. For å visualisera dette, laga me ei lita sandkasse kor ungane med hjelp av malekostar skal forsiktig leite fram fossiler, seier Szalek.

To av borna i Oltedal speler dinosaurbingo
Dinobingo blei også ein populær aktivitet i barnehagen. Foto: Joanna Szalek.

Føresette merker også engasjementet på heimebane, både gjennom fyldige forteljingar om dinosaurar og spørsmål om å lesa bøker heime. Også det syns førstelektor Ofstad er med å byggja opp om godt språkarbeid:

- Når borna blir engasjerte og vil dela kunnskapen dei får i barnehagen også heime, får dei samstundes trening i god forteljarkompetanse og oppattaking av vanskelege ord og omgrep. For fleirspråklege barn får ein også moglegheit til å bruka omgrep på fleire språk, avsluttar Ofstad.

Joanna sine beste tips:

- Følg interessa til borna.
- Bli med på leiken.
- Skap litt magi i kvardagen.
- Finn ein raud tråd, som gjer at du kan knytta saman lesing, leikemiljø og periodeplanen.

Tekst: Birgit Rodvelt, Lesesenteret

Les mer om barnehageforskningen ved Lesesenteret:

Sprell: Det digitale biblioteket

I denne fagfilmen kan du lære mer om hvordan du kan bruke digitale bildebøker i barnehagen.

Sprell: Digitalt barnebokbibliotek på arabisk

Her finner du sju barnebøker på arabisk. Du kan velge å lytte til bøkene eller lese dem digitalt.

Sprell: Digitalt barnebokbibliotek på litauisk

Her finner du sju barnebøker på litauisk. Du kan velge å lytte til bøkene eller lese dem digitalt.

Sprell: Digitalt barnebokbibliotek på norsk

Her finn du sju barnebøker på norsk. Du kan velga å lytta til bøkene eller lesa dei digitalt.

Å oppdage at barnehagebarn strever med språket, er ikke nok for å sikre dem god hjelp

Mange barn som strever med språket, blir oppdaget i barnehagen. Men for at disse barna skal få riktig hjelp, må kartlegg...

En av tre foreldre oppgir at de leser ingen eller få bøker for barna sine

Høytlesing ser ikke ut til å være en så stor del av barndommen for alle norske barn som både forskere og mange foreldre ...

Spesialpedagogikk i barnehagen

Videreutdanningen Spesialpedagogikk i barnehagen gir barnehagelærere en helhetlig tilnærming til spesialpedagogikk. På d...

Informasjon til deltakere i Sprell

På denne siden finner du informasjon til deltakerne og barnehageansatte i Sprell på norsk, arabisk, litauisk og polsk./ ...

Sprell: Samtalebaserte lesepraksiser

I Sprell samarbeider forskere med barnehagelærere og foreldre om å utvikle flerspråklige digitale bildebøker for barn.

Da bøkene var «overalt», våknet barnas interesse for lesing

Praksisfortelling: I barnehagen var bøkene plassert i en egen lesekrok, og det var ganske sjelden at barna ba om å bli l...

Slik ble stellesituasjonen en språkarena i barnehagen

PRAKSISFORTELLING: Stellesituasjonen i barnehagen var typisk et sted der de ansatte kommuniserte med hverandre mens de f...

Utvikling av flerspråklige barns morsmål hjemme

Hvordan kan barnehagen støtte foreldrene?

Bokstavkjennskap, bokstavnavn og bokstavlyd

I barnehagen skal barna "utforske og gjøre seg erfaringer med ulike skriftuttrykk, som lekeskrift, tegning og bokstaver"...

Skap forventning og engasjement rundt lesinga

På glimrande vis skapar pedagogisk leiar Ingunn i Haugland Gardsbarnehage forventning og engasjement til tekstane i ”Bok...

Bokstavsommaren

I rammeplanen står det at ungar i barnehagen skal verta kjende med bokstavane, men mykje av ressursane og småbøkene bygg...

Suksess for SPrELL-prosjektet i Forskingsrådet

Forskingsprosjektet SPrELL ved Lesesenteret, UiS, har blitt tildelt 15 millionar kroner frå Forskingsrådets satsing på å...

Blogg: Skolestart: Se til barnehagene!

Barnehagene har lenge sett til skolen når de forbereder femåringene til skolestart. Vår oppfordring er at skolen også re...

"Mine to oldemødre" av Lisa Aisato

Boken kan brukes til å snakke om flere emner, den er mangfoldig og rik på de gode og store følelsene. I Fantoft Gård bar...

"Timothy mister seg sjølv" av Vegard Markhus

"Timothy mister seg sjølv" er engasjerande, morosam og rar.

"Hvem"-bøkene av Stina Wirsén

Handlingen i bøkene oppleves som veldig aktuell for barnegruppa.