Eit undervisningsopplegg som hjelper elevane til å få forventningar og undre seg over boka. Opplegget er basert på Jakob og Neikob av Kari Stai.

Boka om Jakob og Neikob er ei surrealistisk og morosam bok om to stiliserte figurar som er svært ulike: den eine seier ja til alt, og den andre seier nei. Dette undervisingsopplegget hjelper elevane til å få forventningar til boka og lesinga gjennom ein førlesefase. Undervegs i lesinga får elevane la sine eigne observasjonar og refleksjonar kome til uttrykk i litterære samtalar, og i etterlesefasen får dei høve til både å bearbeide inntrykk og lage eigne produkt som eit resultat av lesinga av boka.
Artikkelen er skrive av Lise Feness Armond, og er henta frå heftet Nynorsk i bruk.