Denne artikkelen gjev døme på og diskuterer ei rekkje slike samtalar, som t.d. å lese med hattar eller briller, og å lese med rollekort.
Når vi snakkar med nokon om eiga forståing, får vi tilbakemelding der og då. Vi får høve til å korrigere oss sjølve, kan utdjupe eigne synspunkt og slik gjere dei klarare både for oss sjølve og den som lyttar. Derfor er dialogen nyttig når målet er å utvikle medvitet hjå elevane om eiga forståing. Men det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal snakke om og korleis ein kan gje uttrykk for eiga leseforståing. Derfor kan det i ein startfase vere nyttig å gje elevane nokre enkle samtalestrukturar.
Denne artikkelen gjev døme på og diskuterer ei rekkje slike samtalar, som t.d. å lese med hattar eller briller, og å lese med rollekort.