Nasjonalt lesesenter får ei auka bevilling i årets forslag til statsbudsjett. Forslaget vil gje senteret 23 millioner kroner ekstra for å arbeida vidare med satsinga Tid for lesing.
- Me var både glade og spente då me i fjor haust fekk melding om å starta arbeidet med ei nasjonal lesesatsing retta ut mot skulane. Arbeidet med Tid for lesing er allereie etablert, og det er kjekt å få tillit til å vidareutvikla satsinga ytterlegare, seier senterleiar Kjersti Lundetræ.
Satsinga rettar seg mot heile skule-Noreg, men har no i starten vore særskild retta mot 3. – 8. trinn i grunnskulen. Med utvida budsjett vil satsinga i større grad no også retta seg mot barnehage og SFO.
God respons på mikroemne
I Tid for lesing har senteret fått høve til å oppretta mikroemne, som er vidareutdanningsemne på 2,5 til 5 studiepoeng.
- Me har allereie gjennomført to av desse mikroemna, og responsen har vore overveldande. I emnet om lesekvarten kom det inn over 200 søkarar på få dagar til dei 80 ledige plassane.
Kursa blir gjennomførte digitalt og er tilgjengelege å søka på for alle som jobbar i skulen, og er mindre tidkrevjande enn vidareutdanningsemne med fleire studiepoeng. Mikroemna har difor vore overkommelege å gjennomføra utan å ta permisjon frå jobb.
Nytt lesekurs: Engasjer for mellomtrinnet
I tillegg har midla gjort det mogleg for oss å kunne tilby heilt nytt og forskingsbasert materiell ut til alle skular i heile landet.
- Før jul vil me tilby eit nyutvikla lesekurs. Mange lærarar i heile landet er allereie kjend med På sporet (lenke), som er tilpassa begynnaropplæringa. Dette nye lesekurset, som har namnet Engasjer, er meir retta mot mellomtrinnet og dei elevane som strevar, fortel senterleiar Kjersti Lundetræ.
Alle barneskular i heile landet vil få kvart sitt eksemplar, som inkluderer eit lærarhefte og fem elevhefte. Engasjer vektlegg engasjement, tekstkvalitet, meistring og aktive elevar. Lesekurset hjelper elevane til å kople seg på og være aktive i lesinga og gir trening i leseflyt og lesestrategiar og .
Vidare satsing vil romma barnehage og SFO
Som følgje av den ekstra bevillinga, kan Nasjonalt lesesenter no framover utvida satsinga til å også innhalda gode lesetiltak både i barnehage og SFO.
- Forskarar frå senteret har gått saman med erfarne SFO-tilsette, og vil utvikla fleire ressursar som kombinerer leik med skrive- og leseaktivitetar, så her vil det skje mykje spennande utover hausten og våren. I mange SFO-ar har dei tilsette både rom og tid til å gjera kjekke aktivitetar saman med barn som byggjar opp om auka leseglede.
Norske barn les mindre på fritida og er dei som rapporterer om lavast leseglede blant 65 land. Samtidig viser forsking at mange små barn spør foreldra om å lesa ei bok saman. Denne lesegleda frå dei tidlege åra må me saman finna gode måtar for å ta vare på.
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking