Kven har vel ikkje minne frå eigne skuledagar då læraren las spennande forteljingar høgt i klasserommet? Artikkelen reflekterer over korleis gjennom høgtlesing kan motivere elevar til sjølve å lese meir nynorsk.
Testar har vist at norske elevar ikkje er blant dei beste i lesing internasjonalt, og at dei heller ikkje er dei mest motiverte lesarane. Kanskje er høgtlesing og modellering av tekst i klasserommet for lite vektlagt i moderne leseopplæring? Og kanskje særleg høgtlesing av nynorske tekstar? Om læraren les nynorske fagtekstar høgt for elevane, vil han vere ein modell for korleis nynorske tekstar i ulike sjangrar skal lesast. Men elevane bør òg tidleg få høve til å lese tekstar høgt for andre. Møte med varierte nynorsktekstar i ulike sjangrar og medium kan vere viktig for at elevar skal verte meir motiverte til å lese meir nynorsk.
Heile artikkelen finn du her (pdf).