Dette undervisingsopplegget tek utgangspunkt i to barnebøker av Maria Parr: Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde og Tonje Glimmerdal.
Sjølv om undervisingsopplegget tek utgangspunkt i kompetansemål frå LK06, er opplegget generell lese- og skriveopplæring, og kan trygt brukast etter den nye læreplanen.
Gjennom tankar om bakgrunn, innhald, mål og metode får ein innblikk i gode strategiar for korleis nynorsk barnelitteratur kan nyttast i lese- og skriveopplæringa.