Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen ser me nærare på avkoding av ukjente eller vanskelege ord. Dette er ikkje berre aktuelt for dei yngre elevane, men og i vidaregåande opplæring. Eksempla er henta frå 4. klasse, VG2 studiespesialiserande (samfunnsfag) og 10. klasse naturfag.
Denne filmen er ein del av filmen Lesing som grunnleggjande ferdigheit, som fokuserer nettopp på ulike sider ved det å lesa, alt frå engasjement i høve til tekst, til avkoding og forståing.