Nå myldrar det av spente, framtidige studentar på campus Bjergsted. For alle søkarar til utøvande musikkstudium på UiS må gjennom opptaksprøver.
Veke 10 er ein av vårens viktigaste veker på campus Bjergsted. Då kjem rundt 200 søkarar til fakultet for utøvande kunstfag på Bjergsted for å gjennomføre sin andre runde av utøvande opptaksprøvar. Her skal kvar søkar både gjennom prøvespel og intervju, og bachelorsøkarar skal i tillegg gjennom ein teori- og gehørprøve.
I år var det endeleg tid for «normale» opptaksprøvar igjen, etter tre føregåande år med koronarestriksjonar. Endeleg kunne det myldre av nye og håpefulle studentar på campus igjen. Ein ny ting for året er at opptaksprøvane for dans og musikk skjer samme veke, slik at fakultetet får vist fram si tverrfaglegheit og campus frå si beste side.
15. desember: Søknadsfrist til våre studium i Utøvande musikk - bachelor, dans - bachelor , utøvande musikk - årsstudium, master i utøvande musikk, vidareutdanning i utøvande musikk, Postgraduate Diploma i utøvande musikk
15. januar: Runde 1 av opptak der studentane sender inn video
Veke 10: Søkarane som bestod runde 1 blir invitert til runde 2. Under prøvane her møter søkarane sine kommande lærarar innan musikk og dans, som er same lærarar som vurderte videoane i runde 1. Kvar søkar får ca. 30 minutt til dette.
Søkarar som bur utanfor Skandinavia tar intervjuet og prøven digitalt.
Etter alle opptaksprøvar er gjennomført går dekan og avdelingsleiarar saman for å gje ei heilheitsvurdering av søkarane.
Fleire studentar hjelper til gjennom veka ved å stå på stands. Dei registrerar søkarane, serverer dei drikke og snacks, og roar nervane til dei som måtte vere nervøse. To av dei er Kieran Sharkey som tar ein master i trombone, og Tomas Carl Bruno Bjørn som tar ein bachelor i klassisk slagverk. Dei svarer også på spørsmål dei rundt 200 søkarane har, som er alt frå kor øvingsromma er til om dei skal handhelse på lærarane.
– Dei fleste er ikkje særleg stressa, ingen verkar altfor nervøse. Det er ein fin og avslappa stemning her i dag, seier Sharkey.
Bjørn har sete på stand gjennom heile onsdagen, og møtte rundt 40 søkarar i løpet av dagen.
– Det er veldig interessant å sjå dei som kan bli framtidige studentar her, fordi det er folk som eg potensielt kjem til å samarbeide med.