Norsk barnehageforskningskonferanse vert arrangert 23-24. oktober i Bergen. I år er det BARNkunne - Senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet som er vertskap, og hovudtemaet for konferansen er Samskaping og forskingsbasert pedagogisk innovasjon i barnehagesektoren.
Det skjer allereie mykje samskaping i barnehagesektoren, som det å skape noko saman med barn, familiar, barnehagelærarstudentar, barnehagar, barnehageeigarar, forskarar, frivillige, ideelle organisasjonar og næringsliv. Det er denne viljen og dette engasjementet konferansen skal understøtte.
Deltema kan vere:
- Innovativ pedagogikk og design
- Ansvarleg innovasjon i utdanningspraksisar
- Partnarskap mellom ulike aktørar (barnehagelærarar, skule, foreldre og samfunn)
- Utfordringar og løysingsforslag for og med barnehagesektor
- Barns holistiske utvikling, vilkår og tilrådingar
- Leiing av danning, utdanning, barnerett, inkludering og mangfald
- Kunnskapsleiing
- Leiing av barnehagelærarars faglege utvikling
- Ferdigheiter; Kva kan ein barnehagelærar?
- Ferdigheiter; Kva kan ein barnehageforskar?
- Profesjonelle og interprofesjonelle læringsfellesskap
- Nordiske perspektiv, historiske og tverrkulturelle tilnærmingar
- Berekraftig praksisar innanfor sosiale, helsemessige, miljømessige og økonomiske område
- Språk og ulike former for literacy
- Leike- og læringsfellesskap blant barn
- Leik og kreative undervisningsformer i høgre utdanning
- Design og estetikk for og med barn ute og inne
- Forskingsbaserte prosjekt i barnehagar
- Etiske vurderingar i barnehageforsking
- Forskingsmetode
- Ope tema
Merk at undertema er breie døme som ikkje utelukkar andre tema eller tilnærmingar.
Tentativt program for parallellsesjonar
For meir informasjon og oversikt over årets keynotes, besøk BARNkunnes konferansenettside her.