Regjeringa legg opp til eit budsjettkutt for Universitetet i Stavanger på 2,3 prosent neste år. Dermed blir 2025, som forventa, eit tøft økonomisk år.
Medan snittet for universitets- og høgskulesektoren er eit kutt på 1,3 prosent, må UiS altså redusera med ein heil prosent meir.
- I det store biletet er dette omtrent som forventa. Statsbudsjettet endrar ikkje på arbeidet med omstilling på UiS, seier rektor Klaus Mohn.
Ikkje psykologi
Psykisk helse blir høgt prioritert i regjeringsforslaget, og stortingsproposisjonen nemner at 57 prosent av norske kommunar slit med å rekruttera nok psykologar. Likevel er det ikkje funne plass til pengar for studieplassar til det godkjende psykologstudiet ved UiS.
Me beklagar at regjeringa ikkje har valt å prioritera finansiering av profesjonsstudium i psykologi ved Universitetet i Stavanger. Me manglar fleire hundre psykologar i Noreg.
Universitetet i Stavanger har eit gryteklart profesjonsstudium som kan starta opp hausten 2025. Det er i tråd med opptrappingsplanen for psykisk helse og langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
Pengar til lesesatsing
Eitt lyspunkt i forslaget er at UiS blir tilført fem millionar kroner til å utvikla støtteressursar, materiell og faglege råd til den nasjonale lesesatsinga. Dette kjem i tillegg til ei tildeling på 18 millionar kronar, som blei annonsert tidlegare i år. Til saman kjem det altså 23 millionar kroner til lesesatsinga.
- Dette gler me oss over, seier Mohn.
Må betale for ekstra eksamen
UiS får ein forventa husleigekompensasjon på 2,7 millionar kroner.
Regjeringa prioriterer også desentrale og fleksible utdanningar i sektoren, der UiS får 5,8 av til saman 120 millionar kroner.
Regjeringa foreslår også å innføra eigenbetaling for studentar som vel å ta beståtte eksamenar om igjen. Dette resulterer i eit budsjettkutt for UiS på 776 000 kroner.