CIAM seminar om innføring av prinsipp i industrien og verksemder som kan føra til langsiktig og berekraftig verdiskaping.
I dette CIAM seminaret vil du møta representantar frå bedrifter som arbeider med og har fokus på langsiktig og berekraftig verdiskaping på ulikt vis gjennom ressursstyring eller Industrial Asset Management.
![Møyfrid Risdal, Anette Anfinnsen, Sigbjørn Ullestad, Mona Wetrhus Minde og Øystein Sveinsvoll Skoge](/sites/default/files/styles/large/public/2024-02/Ciam%20foredragsholdere_M%C3%B8yfrid_Risdal_Anette_Anfinnsen_Sigbj%C3%B8rn_Ullestad_Mona_Wetrhus_Minde_%C3%98ystein_Sveinsvoll_Skoge.png?itok=sHO0xB9M)
Nytt høve til å utvida ditt profesjonelle nettverk og treffa menneske som kanskje jobbar i ein heilt annan bransje enn deg. Bli inspirert til å tenkja på nye måtar som kan vera nyttig til bruk i den verksemda du arbeider i til dagleg. Me presenterar følgjande spennande innlegg:
- Katapult senteret: Samarbeid og teknologiutvikling (Møyfrid Risdal – Vekstpartner)
- Digitalisering for å oppnå eit paradigmeskifte i tradisjonell produksjons-tenking (Anette Anfinnsen – Robotic Innovation)
- Effektivitet og berekraft (Sigbjørn Ullestad – NMI Group)
- Samarbeid mellom universitet og industri (Mona Wetrhus Minde – UiS)
- Nødvendigheita av å tenkja annleis (Øystein Sveinsvoll Skoge – Thor Kraft)
- Dato: Fredag 8. mars
- Tid: kl. 08:00 - 11:30
- Stad: Forum Jæren, Hetlandsgata 9, Bryne
Programmet startar kl 08:00 med ein lett frukost, og me reknar med å vera ferdig innan kl 11:30.
Seminaret vil gå føre seg på norsk og er gratis for medlemmer av CIAM (dvs. tilsette i ein av CIAM’s medlemsbedrifter eller som er personleg medlem eller tilsette og studentar ved UiS). Dei som ikkje er medlemmer vil bli fakturert kr 900,- etter seminaret.