Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165)

Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekstar og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025

Fakta

Emnekode

LNOR165

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Det vesentlege for å kunne analysere ein skjønnlitterær tekst, er å få etablert ei forståing av denne tekstens måte å vera litteratur på. Det er dette sjangerlæra gjev oss tilgang til: Ein stad å gå til for å forstå korleis teksten me har føre oss plasserer seg i det store landskapet av teksttypar. I tillegg finst det innanfor faget ei vifte av etablerte praksisar for korleis ein konkret går fram når ein analyserer tekstar innanfor dei ulike sjangrane.

Når det gjeld tekstar som ikkje er skjønnlitterære, tilbyr retorikken eit særs finmaska nett av omgrep for å fange opp alt det som gjer tekstar overtydande. Den retoriske analysen er ein langt utvikla praksis for å kunne gripe og forstå desse måtane slik dei kjem til syne eller gøymer seg i konkrete tekstar.

Emnet er delt inn i to delar:

  1. Analyse av skjønnlitteratur
  2. Retorikk og retorisk analyse av ulike typar tekstar

Pensum

Til den skjønnlitterære delen høyrer ei innføringsbok i litterær analyse, samt kortare tekstar som supplerer denne, og eit breitt utval skjønnlitteratur som skal analyserast. Til retorikkdelen høyrer ei innføringsbok i retorisk analyse, samt eit stort utval tekstar som skal analyserast. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte.

Læringsutbytte

Overordna

Kursets overgripande mål er at studenten skal få ei forståing av korleis ein tenker og handlar som fagperson innanfor nordisk litteratur- og tekstvitskap. I dette inngår både teoretiske kunnskapar om korleis ein tenker, og praktiske ferdigheiter knytte til å kunne utføre analysar på måtar som er i tråd med praksis innanfor fagfeltet.

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre
  • vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep
  • vere kjend med sentrale omgrep innanfor retorikken
  • ha innsikt i korleis den faglege disiplinen litterær og retorisk analyse heng saman med norsk som skulefag

Ferdigheit

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori og etablert praksis for korleis ein gjer bruk av denne i konkret analysar
  • kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling
  • kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte
  • ha utvikla relevant kompetanse som litteraturlærarar i skulen: dei skal ha prøvd ut og vidareutvikla undervisningsmetodar som kan legge til rette for ei elevaktiv, utforskande og fagleg relevant tilnærming til tekstar i ulike sjangrar

Generell kompetanse

  • kunne forholde seg til tekstar og sjangrar på ein fagleg måte
  • bruke teoretisk innsikt i tilnærminga til dagens mediesituasjon

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Heimeeksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1 1/2 10 Dagar Bokstavkarakterar -
Heimeeksamen 2 1/2 2 Veker Bokstavkarakterar -

Utfyllande presisering av eksamensoppgåvene:Heimeeksamen 1- omfang på 1500 ord (+/- 10%)- skal skrivast på nynorsk- tel 50 % av samla karakterHeimeeksamen 2- omfang på 2000 ord (+/- 10%)- skal skrivast på bokmål- tel 50 % av samla karakter

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

innleveringsoppgåve, Minst 75% oppmøte på obligatorisk skriveseminar

75% deltaking i undervising og didaktiske seminar, 75% deltaking i skriveseminar, innleveringsoppgåve.

Presisering av innleveringsoppgåva:

  • omfang på 1000 ord (+/- 10 %)
  • målform: valfri
  • blir vurdert med greidd/ikkje greidd

Alle vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.

Studentar som får oppgåva vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levere éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(er)

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Emneansvarleg:

Ingrid Nielsen

Arbeidsformar

Studentsentrert undervising. Den typiske undervisingsøkta kan delast i fire like store delar: 1. Førelesaren presenterer faglege omgrep og tankemåtar frå pensumlitteraturen. 2. Studentane går i grupper og diskuterer konkrete tekstar med utgangspunkt i desse omgrepa/tankemåtane. 3. Plenumgjennomgang av det studentgruppene har kome fram til, med fortløpande diskusjon. 4. Førelesaren bygger vidare frå det som har komme fram.

Merk at det berre er punkt 1 som er dekka av pensumlitteraturen. Punkt 2-4 er ferdigheiter som blir utvikla i samband med undervisinga.

Didaktiske seminar. Her blir det laga ei kopling mellom nordisk som fagdisiplin og norsk som skulefag. I studentaktive diskusjonar blir det drøfta korleis den faglege kompetansen kan brukast i studentane sitt framtidige yrke som norsklærar på ungdoms- og vidaregåande skule. Gjennom diskusjonar, rettleia av faglæraren, blir det også utarbeidd moglege undervisningsopplegg.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (NOR165_1) 15
Tekst og sjanger (NOR140_1) 10
Litterær analyse (MNOR140_1) 10
Litterær analyse (NOR140_2) 10
Retorikk, sjangrar og media (NOR160_1) 5
Skjønnlitterære sjangrar (ÅNO140_1) 10

Åpent for

Lektorutdanning for trinn 8-13

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto