Skal du køyra til campus? Hugs at du må ha parkeringsløyve, og at det kan vera vanskeleg å finna parkering.
Ta buss eller sykkel
Det er få parkeringsplassar på campus Ullandhaug.
UiS jobbar for å redusere bilbruken til og frå universitetsområdet og oppmodar alle til å gå, sykle eller reise kollektivt til universitetsområda dersom det er mogleg. Det er også fleire bysykkelstativ på campus.
Sykkelparkering
Det er fleire sykkelparkeringar på campus Ullandhaug - og sykkelparkering under tak finst utanfor dei fleste bygga.
Ett av sykkelskura er låsbart, slik at du trygt kan parkere sykkelen din. Det låsbare sykkelskuret finn du utanfor Hagbard Line-huset. Du kan søke i kartet Mazemap for å finne parkeringane. Skriv sykkelparkering i søkefeltet. Du får tilgang til sykkelskuret ved å kontakte Driftsenheten ved UiS.
Det er og planlagt sykkelparkering i kjellaren på SiS-huset. Meir informasjon vil vere tilgjengeleg når SiS-huset opnar.
Garderobar og tørkeskap
Du finn låsbare tørkeskap og garderobar med dusj i:
- underetasjen av Hagbard Lines hus, inngang ved gymsalen
- Kjølv Egelands hus E-120 a og b. Du får tilgang frå Driftsenheten for å komme til tørkeskap og garderobar i KE-hus
Hugs å ta med eigen lås til skapet!
Gratis parkering med parkeringsløyve
Det er gratis å parkere på universitetsområdet viss du har parkeringsløyve.
Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplassar, særleg ved semesterstart og Open dag.
Unngå bot
Du må ha parkeringsløyve for å ikkje få bot.
Slik får du parkeringsløyve:
- Søk om parkeringsløyve i Easypark sin app eller på Easyparks nettside.
- Du får ein e-post om at parkeringsløyvet er aktivert.
- No kan du parkera trygt fram til du får eit endeleg svar på søknaden din.
- Det kan ta opp til 14 dagar før du får endeleg svar på om søknaden er godkjend eller ikkje.
Parkeringsløyvet gjeld for eitt år av gongen.
Her kan du parkere
Gjesteparkeringa ved Hestmarka er open for alle.
Resten av parkeringsplassane er reserverte dei med særskilt løyve. Parkering utan parkeringsløyve eller utanfor merka plasser vil føra til gebyr og/eller borttauing på eigar si rekning.
Ladeplassar
Det er 16 ladeplassar ved Hagbard Line-huset, 7 plassar ved Paviljong 14, 8 plasser ved Lyspæren Innovasjonshus og 4 ved Hulda Garborgs hus.
Du betalar for lading i Easyparks app eller på Easypark nettside.
Når ladaren er klar lyser eit grønt lys, under lading lyser det blått, før det lyser grønt igjen når bilen er ferdig lada.
Gjesteparkering
Gjesteparkering finn du på parkering nr. fem på Hestmarka i nærheten av Kjell Arholms hus. Sjå korleis du finn fram i Mazemap.
Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplassar, særlig ved semesterstart. Vi oppmodar difor gjester å vere ute i god tid ved arrangement. Alternativt er det eit godt kollektivtilbod til campus.
Kontakt
Har du spørsmål om parkering? Ta kontakt på parkeringstelefonen: 911 07 622.