Mikroemne ved UiS

Lyst til å studere berre litt? Då kan du ta eit mikroemne i noko du synest er spennande ved UiS.

Fakta
Studiepoeng

Mellom 1 og 7 studiepoeng.

Undervisningsform

Anten heilt nettbasert eller med nokre samlingar. Sjå meir på det enkelte emnet.

Kva kostar det?

Dei fleste emna har berre ei semesteravgift på 900 kr.

Må eg ta fri frå jobb?

Nei, emna er lagt opp slik at du ikkje treng å ta fri frå jobben.

Samlingsbaserte mikroemne

Heildigitale mikroemne

Ta mikroemne over heile Europa

Universitetet i Stavanger er medlem av University, eit nettverk av innovative universitet i Europa. Gjennom dette samarbeidet får UiS-studentar tilgang til over 150 mikroemne på 12 ulike universitet.

Nokre er heildigitale, medan andre er samlingsbaserte. Då må du reise dit mikroemnet blir tilbode, som eit kort utvekslingsopphald. Bachelor- og masterstudentar kan søke reisestøtte for dette.

OBS! Tilbodet gjeld altså kun personar som allereie har studierett ved UiS.

Sjå opne mikroemner ved ECIU og meld deg på.