Ole Magnus Husebø fekk jobb på arbeidsplassen han samarbeidde med i bacheloroppgåva då han var student ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Namn: Ole Magnus Husebø
Alder: 27
Studieprogram: Maskiningeniør, bachelorgrad
Yrke og arbeidsgjevar: Prosjektleiar i Remotion
Kvifor ville du studere maskiningeniør ved UiS?
– Eg har fagbrev som industrimekanikar og likte meg i jobben, men avslutta læretida i ein periode med få jobbmoglegheiter. Under førstegongstenesta vurderte eg situasjonen nærmare, og bestemte meg for å ta vidare utdanning for å forhåpentlegvis opne fleire dører.
Kva sette du mest pris på med studietida di ved UiS?
– Eg set pris på at UiS har lagt til rette for utdanning medan eg jobba, noko som gjorde det mogleg for meg å fullføre maskiningeniørutdanninga på fulltid.
Kva for ein del av studiet har du hatt mest nytte av i arbeidslivet?
– Eg har hatt mest nytte av å arbeide med bacheloroppgåva, som blei utarbeidd i samarbeid med Remotion, og som handla om utviklinga av ein av deira nye robotar. Det har også vore nyttig å lære og vere meir kritisk til eigen tenkemåte rundt problemløysing.
Fortel om jobben du har no. Kva likar du best med jobben din?
– Eg er prosjektleiar i Remotion, eit veksande selskap som spesialiserer seg på teknologiutvikling med magnetiske robotar og ROV-ar. Eg likar best å jobbe med både interne utviklingsprosjekt og prosjekt der robotane utfører arbeid på installasjonar i Nordsjøen.
Kva har utdanninga di ved UiS betydd for jobben du fekk?
– Utdanninga mi har vore sentral for dei moglegheitene selskapet har gitt meg. Den har gjort det mogleg for meg å delta i spennande utfordringar og arbeid eg elles ikkje ville hatt tilgang til.
Kva er dine topp 3 råd til nye studentar ved UiS?
- Som student har du ein unik moglegheit til å etablere gode rutiner og sjølvdisiplin. Kvardagen er fleksibel, så bruk tida til å balansere skule, trening, jobb og sosialt liv.
- Bygg eit nettverk og fokuser på å bli ein god samarbeidspartnar.
- Hugs at gode resultat frå studietida er ein langsiktig strategi som kan vere avgjerande for kva slags dører som blir opna seinare i livet.
LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet