Bok om leiarskap i klasserommet

I boka «Ledelse i klasserommet» vert ny kunnskap om læraren si leiing i klasserommet presentert. – Lesarane vil i tillegg få innsyn i korleis skular som organisasjon kan støtte lærarane si utvikling av leiarskap, fortel Sigrun K. Ertesvåg.

Publisert Sist oppdatert

Om boka

Ledelse i klasserommet

Redaktørar: Sigrun Ertesvåg og Randi Myklebust Sølvik

Tittel: Ledelse i klasserommet: – undervisningskvalitet fra teori til praksis

Forlag: Cappelen Damm Akademisk

År: 2020

ISBN: 9788202643782

Sider: 220

Kjøp boka

Du kan kjøpe boka rett frå forlaget eller i din næraste bokhandel.

Omslaget på boka "Ledelse i klasserommet". Foto: Cappelen Damm.

Boka «Ledelse i klasserommet – undervisningskvalitet fra teori til praksis» handlar om læraren si leiing i klasserommet, og den interaksjonen som føregår mellom lærarar og elevar. I boka, som er utgjeven på Cappelen Damm, vert ny kunnskap og forsking om leiing i klasserommet lagt fram.

– I denne boka har vi samanstilt teori og kunnskap utvikla gjennom prosjektet «Classroom Interaction for Enhanced Student Learning» (CIESL). I dette prosjektet har vi sett nærare på korleis lærarar omset kunnskap til praksis i klasserommet gjennom ein intervensjon med fokus på klasseleiing, seier Sigrun K. Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret, UiS, som saman med kollega Randi M. Sølvik er redaktør for boka.

Stor variasjon i klasseromma

Funn frå forskingsprosjektet CIESL vert samanstilt og drøfta i boka. Funna blir satt saman med teori og tidlegare forsking på feltet, og desse dannar igjen grunnlag for drøftingar av praksisutøving i klasserommet og vidareutvikling av praksis samt meir forsking.

I den første delen av boka vert det fokusert på korleis lærar-elev-interaksjonar på ulike måtar fremjar elevane sin motivasjon og deira sosiale og faglege læring. I den andre delen, kjem det fram korleis skulen som organisasjon kan støtte lærarane sitt arbeid med å utvikle god klasseromspraksis.

– Det vi har sett i CIESL-prosjektet, er at norske lærarar som gruppe gir god emosjonell støtte til elevane, men variasjonen er stor – kanskje enno større enn vi hadde trudd. Dette uroar oss, mellom anna fordi vi har sett samanhengar mellom emosjonell støtte og elevane sitt engasjement i læringsaktivitetane. Dette kjem vi nærare inn på i boka, fortel Ertesvåg.

Vil få ny kunnskap om klasseleiing

Boka «Ledelse i klasserommet» er viktig for utdanningsforskarar, masterstudentar, skuleleiarar, lærarar og andre som er interesserte i skule og utdanning.

Andre som har bidrege med eigne kapittel i boka er Pål Roland, Unni V. Midthassel, Ksenia Solheim, Elsa Westergård, Grete S. Vaaland og Trude Havik ved Læringsmiljøsenteret. Ifølgje Ertesvåg vil boka kunne gje lesarane ny kunnskap om leiing i klasserommet, og ein vert som lesar presentert for nokre refleksjonar om korleis lærarar kan omsetje kunnskap til praksis.

– I denne boka presenterer vi nokre refleksjonar lærarar kan ta med seg inn i det daglege arbeidet på skulen – til dømes korleis dei kan jobbe med djup læring i tråd med dei nye læreplanane, seier ho.
 

Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Getty Images & Cappelen Damm

Redaktørane av boka

Professor i pedagogikk
51832931
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Førsteamanuensis i spesialpedagogikk
51832936
Læringsmiljøsenteret, avd. Porsgrunn
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Avdeling Porsgrunn