Har forska på skriveutviklinga hos førsteklassingar – handskrift eller tastatur?

Elevar i første klasse si skriveutvikling blir ikkje påverka om dei lærer å skriva tekstane for hand, eller om dei skriv på eit digitalt verktøy, viser ei ny doktorgradsavhandling frå Universitetet i Stavanger.

Publisert Sist oppdatert

jente i klasserom

Det er stipendiat Eivor Finset Spilling som har forska på skriveutviklinga til førsteklassingar. Prosjektet ser på om elevane si utvikling i å skriva forteljingar blir påverka om ein skriv digitalt eller skriv for hand.

- Per i dag finst det lite forsking som kan hjelpa oss å avgjera om born bør skriva for hand eller på tastatur når dei lærer å skriva, seier Eivor Finset Spilling.

Tal frå utdanningsdirektoratet viser at rundt 80 prosent av landets skular leverer ut eigne digitale verktøy til alle elevar på 1. og 2. trinn. Det gjer at mange nyttar nettbrett og Chromebookar i den tidlege skriveopplæringa i første klasse. Samtidig har me lite kunnskap om born i byrjaropplæringa lærer best av å skriva på papir eller digitalt.

Ikkje vesentlege forskjellar

Førsteklassingar frå 18 skular deltok i undersøkinga til Spilling, der nokon lærte tekstkomposisjon berre på papir, nokon berre på tastatur og ei siste gruppe som skreiv både på papir og digitalt.

Elevane som lærte å skrive for hand og elevane som lærte å skrive på nettbrett, viste i hovudsak lik utvikling av forteljekompetansen sin gjennom det første skuleåret. Dei elevane som skreiv på nettbrett, hadde betre nøyaktigheit på staving, mellomromsbruk og teiknsetting enn dei som skreiv for hand, men samtidig viste dei liten eller inga utvikling av desse teksttrekka gjennom skuleåret. Elevar som skreiv for hand, hadde ei større utvikling av desse trekka gjennom året. Spilling samanlikna også forteljingane som elevane som fekk kombinert handskrifts- og digital opplæring, produserte for hand og på tastatur, og ho fann ingen skilnader i kvalitet eller lengde. For elevar med svake lese- og skriveferdigheiter frå start, viste det seg ikkje å vere nokre fordelar å komponere teksten enten på papir eller digitalt.

Før ein gjer klare anbefalingar om skriving på papir eller skriving digitalt, bør framtidig forsking undersøka vidare korleis dei to skrivemåtane kan påverka kvarandre i byrjaropplæringa, i tillegg til å sjå vidare på om ein blir påverka når ein går frå å læra å skriva på nettbrett over til å seinare læra å skriva for hand, og motsett.

Velkomen til disputas
Ny doktorgrad: Eivor Finset Spilling

Tittel på avhandlinga: "Handwriting versus keyboarding in first grade: Which modality best supports written composition performance and learning" Leiar av disputasen: Professor Kjersti Lundetræ, senterleiar ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, UiS.

Bedømmingskomité:

Nina Vandermeulen, Institutt for språkstudier, Umeå Universitet, Sverige Førsteamanuensis Ahmet Yamac, Fakultet for utdanningsvitenskap, Erciyes University, Tyrkia Professor Jenny Thomson, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, UiS/ University of Sheffield, UK Hovudrettleiar: Førsteamanuensis Vibeke Rønneberg, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, UiS Medrettleiarar: Professor Wenche Mork Rogne, Institutt for språk og litteratur, Høgskolen i Volda og førsteamanuensis Mark Torrance, School of Social Sciences, Nottingham Trent University. Om stipendiaten: Eivor Finset Spilling er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. DigiHand: DigiHand er eit samarbeid mellom Lesesenteret, UiS og Høgskulen i Volda. Forskningsprosjektet har som mål å gje meir kunnskap om digitalisering i barneskulen.

Kontakt

Høgskulelektor, HiV

Doktorgrader ved UiS:

Hun har forsket på bruken av psykedelika i rituelle praksiser

‒ Studien kaster lys over hvordan bruken av psykedelika, som ayahuasca, er blitt en del av samtids-spiritualiteten i No...

Pleiepersonell sitt møte med døden i fleirkulturelle arbeidsfellesskap på sjukeheim

Anne Kristine Ådland har forska på korleis pleiepersonell i sjukeheim opplever og handterer møtet med døden. Studien kas...

Effektiv bruk av videokonsultasjoner krever økt trygghet blant helsepersonell

Joanna Barbara Baluszek har forsket på hvordan helsepersonells selvtillit påvirker deres bruk av videokonsultasjoner i s...

Utvikling av verktøy for ikkje-tekniske ferdigheiter for operasjonssjukepleiarar

Irene Sirevåg har forska på operasjonssjukepleiarars ikkje-tekniske ferdigheiter. Desse ferdigheitene er avgjerande for ...

Tilpasningsevne i sykehusteam

Birte Fagerdal har forsket på resiliente helsetjenester, nærmere bestemt hvordan sykehusteam samarbeider for å få gjort ...

– Kunnskap om sosial og emosjonell læring er viktigere enn noen gang

Flere og flere norske barn og unge strever med sosiale og emosjonelle utfordringer. – Implementering av forskningsbasert...

Menn bør få bedre informasjon når de utredes for prostatakreft

Mange pasienter mottar ikke tilfredsstillende informasjon fra helsepersonell under utredning for prostatakreft. Det vise...

Nye metoder for analyse av kalkstein

Tine Vigdel Bredal har sett nærmere på analysering av kalkstein på kjernenivå og helt ned til den minste skalaen. Hun fo...

Sjukepleiarar som realiserer seg, blir verande i jobben

Det er meldt om stor mangel på sjukepleiarar. Linda Horne Mæland har forska på norske helsesjukepleiarar for å forstå me...

Denne forskningen kan endre utstillingene på naturhistoriske museer

Gitte Westergaard har undersøkt hvordan utryddelsen av artsmangfold på øyer er representert i museer og forsvarer sin do...

Kunstig intelligens kan gje fleire pasientar gode liv etter hjerneslag

To forskarar har gått saman for å utvikle eit verktøy som kan hjelpe legar med å ta betre og raskare avgjerder ved mista...

Har forsket på tiltak som gir den beste kombinasjonen av idrett og skole for idrettselevers utvikling

Cathrine Nyhus Hagum disputerer 30. mai for graden philosophae doctor ved UiS. Nyhus Hagum vil forsvare avhandlingen: “T...

Ni faktorer som påvirker barnas motivasjon når de skal skrive tekster

En ny doktorgradsavhandling fra Universitetet i Stavanger bidrar med kunnskap om hva som påvirker elevenes motivasjon nå...

Barna skriver med bedre flyt når bokstaver settes i en sammenheng

En ny doktorgradsavhandling har utforsket faktorer som påvirker flyt i pennebevegelser når førsteklassingene går i gang ...

Kodelek og matematikk kan hjelpe barn til å ta i bruk kritisk tenkning

En ny doktorgrad trekker frem tre ting som kan være særlig viktige for at barns skal utvikle sine evner innen høyere ord...

Hvordan kan PP-rådgiveren bli en inkluderingsagent i skolen?

En ny doktorgrad har vært med å bidra til utvikling av en samarbeidspraksis mellom PP-tjeneste og skole som involverer e...

Hvordan sosionomstudenter veiledes når de er i praksis

Praksis er en viktig del av utdanningen for å bli en selvstendig profesjonsutøver. Veiledningen bidrar sterkt til å avgj...

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Disputaser ved UiS 2024

Her finner du en oversikt over kommende disputaser og alle doktorgradene som er gjennomført ved UiS i 2024.

Likestilling som tema i samfunnsfag

Hvordan kommer likestilling som samfunnsverdi og likestillingsrelaterte tema til uttrykk i samfunnsfagundervisningen i v...