INTERACT-intervensjonen er eit tiltak retta mot lærarar i vidaregåande opplæring som ynskjer å vidareutvikle eigen undervisningspraksis. Tiltaket fokuserer på lærar-elev-interaksjonar i undervisninga og korleis ein kan auke elevengasjementet i læringsaktivitetane for igjen å bidra til deira sosiale og faglege læring.
Kva inngår i INTERACT intervensjonen?
INTERACT-intervensjonen er eit tiltak retta mot lærarar i vidaregåande opplæring som ynskjer å vidareutvikle eigen undervisningspraksis. Tiltaket fokuserer på lærar-elev interaksjonar i undervisninga og korleis ein kan auke elevengasjementet i læringsaktivitetane for igjen å bidra til deira sosiale og faglege læring.
Tiltaket er heildigitalt og har fire hovudelement som gjennomførast skuleåret 2022/23;
- Coaching av lærarar basert på videoopptak frå læraren si undervisning. Videoopptaka vil saman med det faglege rammeverket Teaching Through Interactions (Hamre et al. 2013) danne grunnlag for profesjonelle samtalar mellom ein lærar og ein ekstern coach. Det vil gjennomførast sju rundar med coaching i løpet av skuleåret 2022/23. Kvar runde med coaching byggjer på videoopptak frå ei vanleg undervisningsøkt. Lærar og coach førebur samtalar med utgangspunkt i videoopptaket. Kvar samtale avsluttast med ein plan for vidare utvikling av undervisningspraksisen.
- Webinar som introduserer det faglege rammeverket knytt til lærar-elev interaksjonar, og som konkretiserer samanhengar mellom kvaliteten i lærar-elev interaksjonane og praktiseringa av sentrale prinsipp og mål i Kompetanseløftet 2020.
- Workshop som legg til rette for erfaringsdeling mellom dei deltakande lærarane.
- Nettressursar som gir fagleg påfyll og/eller illustrerer element innafor lærar-elev interaksjonar
Skuleåret 2023/24 blir det gjennomført 3 digitale oppfølgingssamlingar med grupper av lærarar. Intervensjonen er utprøvd i liten skala både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. Basert på erfaringane i desse to pilotstudia reviderast intervensjonen saman med lærarar og skuleleiarar i løpet av hausten 2021.
Forsking på effekten av INTERACT
Studien vil inneholde både kvalitative og kvantitative data.
Eksperimentelt design
INTERACT-intervensjonen vert evaluert i ein randomisert kontrollert studie (RCT) med minst 100 lærarar og ei klasse elevar i vidaregåande opplæring som dei underviser (ca. 2000 elevar). Femti av lærarane vil delta i INTERACT-intervensjonen skuleåret 2022-2023 og i tre digitale oppfølgingssamlingar skuleåret 2023-2024. Dei andre 50 lærarane utgjer ei samanlikningsgruppe i perioden 2022-2024, før dei får tilbod om INTERACT skuleåret 2024-2025 dersom tiltaket viser effekt.
Studien vil omfatte både kvalitative og kvantitative data. Lærarane og elevar, både i tiltaksgruppa og samanlikningsgruppa vil delta i spørjeskjemaundersøkingar tre gonger: før intervensjonen tek til, i august/september 2022 (Tidspunkt 1), etter at INTERACT-intervensjonen er gjennomført i mai 2023 (T2) og eit år etter at intervensjonen er avslutta i mai 2024 (T3). Gjennom intervensjonsperioden skuleåret 2022-2023 vil lærarane i samanlikningsgruppa gjere opptak av ein time dei underviser med ca. 3 vekers mellomrom, totalt sju gonger. Ein vil slik ha observasjonsdata både frå klasseromma/verksteda i tiltaksgruppa og klasseromma/verksteda i samanlikningsgruppa.
I tillegg vil vi gjennomføre ei implementerings- og prosessevaluering for å undersøkje korleis resultata av intervensjonen er påverka av korleis tiltaket er implementert. I implementerings- og prosessevalueringa vil vi nytte ein kombinasjon av spørjeskjema (nemnt over), intervju og observasjon. Alle lærarane som deltek i tiltaksgruppa og eit utval frå samanlikningsgruppa vert invitert til å delta i gruppeintervju etter at intervensjonen er gjennomført våren 2023. I tillegg kan det vere aktuelt at enkelte lærarar vert invitert til individuelle intervju. Vidare vil konteksten INTERACT vert implementert i granska for å sjå korleis faktorar i klasserommet eller skulen kan påverke resultatet.