Orientering frå rektor til styret

Her finn du orienteringa frå rektor til styremøtet 8. november 2024.

Publisert Sist oppdatert

et stort møtebord med mange mennesker rundt.
Universitetsstyret ved UiS samlet til møte.

Generelt

Regjeringa la fram Statsbudsjett for 2025 mandag 7. oktober. Der var der ikkje altfor mykje å glede seg over for UiS. Vår strategiske posisjon inneber at dei politiske prioriteringane ikkje går i vår favør. UiS er posisjonert som eit internasjonalt universitet med tung vekt på forsking, og med konsentrert lokalisering i Stavanger. Regjeringa dreier prioriteringane frå det internasjonale mot det nasjonale, frå forsking mot utdanning – og legg vidare aukande vekt på desentraliserte og digitaliserte studietilbod, framfor fysisk kontakt mellom studentar og lærekrefter. Dette etterlet UiS i ei budsjettmessig bakevje. Me får del i kutta frå regjeringa, men ikkje i satsingane.

Ingen norske universitet har fått dårlegare uttelling over Statsbudsjettet enn UiS når ein ser dei siste to åra under eitt. Heller ikkje den nye profesjonsutdanninga i psykologi hadde regjeringa funnet plass til på statsbudsjettet for neste år. Desto meir glade er me for at SV har prioritert psykologisatsinga vår i sitt alternative statsbudsjett, som no skal danne utgangspunkt for budsjettforhandlingar med regjeringa. Alt håp er dermed ikkje ute.

Innomhus går omstillinga uansett ufortrødent vidare. I løpet av inneverande år er om lag 1/3 av omstillingsbehovet unnagjort. Det betyr at me har dobbelt så mykje igjen som det som er tilbakelagt. Dei lågaste fruktane er plukka, og tiltaka som no blir utgreia skapar uro. Det gjeld nullopptak og nedlegging av studieprogram med høge kostnadar, små studenttal og svak oppfylling. Det gjeld flytting av studieplassar mellom fakultet, og det gjeld justeringar av organiseringa på ulike nivå. Om dette vil styret få saker i desembermøtet og neste år.

23.-26. oktober gikk den 8. årlege KÅKÅnomics-festivalen av stabelen i Stavanger, med god representasjon frå UiS både i programplanlegginga og på dei mange scenene under sjølve festivalen. Festivalen sette ny rekord med 10 700 besøkande og rundt 200 deltakarar ved 86 arrangement, og bidreg positiv til omdømmet både UiS og for Handelshøgskulen UiS, som er den formelle partnaren.

Tysdag 28. oktober var det på dagen 20 år sidan Kongen i statsråd vedtok at HiS skulle få status som universitet. Same dag gikk årsfesten ved UiS av stabelen som hovudmarkering for UiS sitt 20-årsjubileum. Statsråd Oddmund Hoel var hovudtalar, og hadde mykje godt å seie om UiS. Han nytta høvet til eit nyttig møte med UiS-leiinga og ei visning av Energisentralen og det nye Studenthuset.

Me feirar elles fleire jubileum her ved UiS i år. I går var det svær festmiddag for å markere 70-årsjubileet for grunnskulelærarutdanninga, som dermed har ei lenger historie enn Universitetet i Stavanger. På tilsvarande vis er barnehagelærarutdanninga 50 år i år, lektorutdanninga er 15 år, petroleumsingeniørutdanninga er 50 år, og den verdskjende utdanninga for lydfolk ved Fakultet for utøvande kunstfag er 30 år. Og sist, men ikkje minst: Det eldste studiet i samfunnssikkerheit i landet feirar 25-årsjubileum i år.

UH-nett Vest er ein laus nettverksorganisasjon for universitet og høgskular på Vestlandet, og 29.-30. oktober møttes leiargruppene ved UiB, HVL, HVO, VID, NLA og UiS til samling med kvarande og ymse utdanningspolitikarar frå lunsj til lunsj på Solstrand. Statsråd Oddmund Hoel var hovudtalar, og var elles med på delar av programmet, der leiinga ved UiS var godt representert. Samlinga gir godt høve til nettverksbygging med relevante motpartar, til gjensidig oppdatering og ikkje minst til posisjonering overfor sentrale politikarar innan høgare utdanning og forsking.

Frå Solstrand bar det rett til den årlege forskingskonferansen i regi av Helse Vest, denne gong i Helse Vest sine lokale i Stavanger sentrum. Igjen var leiinga ved UiS godt representert på programmet. Viktigare var det likevel at den årlege prisen for beste unge forskar i år gikk til Miguel German Borda ved Stavanger Universitetssjukehus og UiS, for forskingsinnsats på demensfeltet.

Divisjon for utdanning

UiS har hatt god utteljing på utdanningsprogramma NORPART og UTFORSK med totalt seks nye prosjekt. Gjennom NORPART-programmet lyste HK-dir. ut midlar til prosjektpartnarskap mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og partnarinstitusjonar i utvalde samarbeidsland i det globale sør, med mål om å forbedre høgare utdanning i Noreg og partnarland gjennom samarbeid og studentutveksling. Kun sju av 191 prosjektsøknader nasjonalt fekk støtte, deriblant ein fra UiS.

Gjennom UTFORSK-programmet lyste HK-dir. ut midlar til utdanningssamarbeid mellom norske høgare utdanningsinstitusjonar og partnarar i Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Av 198 innsendte søknadar fekk 50 støtte, og fem av desse prosjekta er koordinert av UiS.

Dei nye prosjekta har ein total kontraktsverdi på nærmare 24 millionar kroner. Det er svært gledeleg med god utteljing på desse programma, som gir viktige bidrag til vårt arbeid med internasjonalisering av utdanningane, og til økte eksterne inntekter.

Divisjon for organisasjon og infrastruktur

Merksemda er stor rundt verknadane av omstillinga på arbeidsmiljøet. Så langt er rekrutteringa god til utlyste stillingar, og me ser ikkje at talet på søkjarar har gått ned. Talet på tilsette som går av med alderspensjon eller seier opp eiga stilling er stabilt. Det same gjeld sjukefråværet.

Kartlegging av tenester, der sju tverrgåande prosessar er peika ut, går framover. To rapportar er levert, og fleire nærmar seg. Me legg stor vekt på at dette arbeidet blir fulgt opp på beste vis, slik at innsatsen som er lagt ned av mange kan bidra til forbetring og vidareutvikling i tida som kjem.

I styreseminaret i september sa eg at det var bestilt ei utgreiing av tilsettingsstopp i fellestenestene. HR-avdelinga vår gjorde ein god og grundig jobb, og innstilte i første omgang på gjennomføring av tilsettingsstopp. Tilbakemeldingane frå referansegruppa for omstilling (stabs- og fakultetsdirektørar), sentralt IDF-utval og rektormøtet var likevel ikkje overstrøymande, med klåre åtvaringar, spesielt frå fakultetshald. Dette fekk HR til å justere tilrådinga, og inntil vidare har eg difor lagt saka om tilsettingsstopp til side.

Gjeldande retningslinjer er fortsatt at det normalt ikkje skal setjast inn vikarar ved fråver, og at utlysing av stillingar skal godkjennast eitt nivå opp. Prorektorar, DOI-direktør, dekanar og museumsdirektør har framleis myndigheit til å vedta tilsetjingsstopp i underliggjande einingar om dette blir vurdert som føremålstenleg for å sikre at einingane held seg innanfor budsjettrammene.

Styret vart i styremøtet i juni i år orientert om at 250-300 tilsette vil vere på flyttefot i året som kjem grunna at vi fasar ut areal utanfor campus, og tek i bruk nye areal i Energisentralen og SiS studenthus. Denne hausten har me hatt eit stor arbeid med å utgreie kven som skal flytte kor. Endeleg vedtak i denne saka kjem etter drøfting i sentralt IDF 13. november.

Til slutt vil eg nemne at UiS får nytt studentombod. Maren Anne Kvaløy trer av etter eige ønskje, advokat Line Aspøy har akseptert tilbod om ei 50 prosent stilling som studentombod, og trer inn frå 1. februar neste år. Det ser me fram til, i tryggleik om at ho vil skjøtte stillinga på beste vis.

Divisjon for forskning

UiS posisjonerer seg nok ein gong i den harde konkurransen om FRIPRO-midler fra Forskningsrådet. Matematikk-professor Helge Ruddat mottok nyleg løyve til eit matematisk teoriprosjekt som skal undersøke og klassifisere såkalla Fano-mangfoldigheter. David Albert Natvig v/Institutt for kultur- og språkvitenskap har vidare fått midlar til eit prosjekt for å undersøkje amerikanorsk i USA, det vil seie variasjonen av norsk som har utvikla seg etter innvandringa frå Noreg. FRIPRO-tildeling er også gitt til førsteamanuensis Federico Fenaroli ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi. Han skal utvikle nanopartiklar til bruk i behandling av ein særskilt aggressiv brystkreft.

I jubileumsåret kan UiS glede seg over eit rekordhøgt antal nye doktorar, ny æresdoktor og fleire prisar, som gjorde årsfesten tysdag 29. oktober til ei spesielt gledeleg feiring av 20-årsjubileet. Her blei Robert C. Pianta, professor i psykologi og pedagogikk ved Virginia University utnemnt til ny æresdoktor. Pianta er internasjonalt anerkjent for banebrytande forsking i skjæringspunktet mellom utdanningsvitskap og utviklingspsykologi.

Professor i samfunnsøkonomi Mari Rege fekk Lyses forskingspris for forskinga si på læring og motivasjon i tidleg barndom, skule og arbeidsliv. Mari Rege har vore med i ei rekke regjeringsoppnemnte utval, og så seint som i fjor leia ho ekspertgruppa for barn i fattige familiar.

Under årsfesten mottokei faggruppe ved UBiS læringsmiljøprisen for sitt bidrag til studentane si læring gjennom eit mangfald av faglege og sosiale arrangement som er gratis og som når breitt ut. Denne faggruppa ved UBiS er eit førebilete på korleis tverrfagleg og eksternt samarbeid kan fremje eit godt læringsmiljø og løfte utdanningskvaliteten.

Divisjon for innovasjon og samfunn

Med det nye studenthuset og fleire studentbustadar håpar me at universitetsområdet ved UiS vil bli enno meir attraktivt. Arbeidet med årets studentrekrutteringskampanjar er undervegs, og me gler oss til å vise fram UiS som ein attraktiv studiestad, både gjennom utdanningstilbodet, studentlivet på campus og studentregionen.

Hausten 2023 starta me ein ny serie av årlege førelesingar UiS. Førelesinga er oppkalla etter den norsk-dansk-tyske akademikaren Henrik Steffens. Målet med Henrik Steffens-forelesinga er å anerkjenne og hylle internasjonale prestasjonar innan akademia, kunst og samfunn, fremje open kunnskapsutveksling, og reflektere breidda og kvaliteten på forskinga og undervisninga ved UiS. Årets førelesing går av stabelen  vert 21. november med den amerikanske filosofen Alice Crary.

Den 15. november inviterer me til næringslivsseminar med tittel: Vegskille for kunnskapsutviklinga: Korleis skal vi dekke kompetansebehovet i Rogaland? Her skal me sjå attende på korleis UiS har kome dit me er no, men samstundes sjå framover. Kjekt at styremedlem Elisabeth skal vere med i samtale om den store planen for å lukkast i Rogaland.

I juni 2024 oppretta me eit nytt utval for likestilling, inkludering og mangfalds. Det såkalla  LIM-utvalet fekk i oppdrag å velgje fire tema/fokusområde som UiS kan jobbe vidare med tanke på mangfald og inkludering. Det er planlagt ei rekke workshops der alle tilsette er invitert til å bidra i utarbeiding av ny handlingsplan for 2026-2029.

Orienteringssaker

  • Oppfølging av dom i Høyesterett. Brev fra KD datert 22.10.2024. Følges opp av UA.
  • Utgående leieavtaler hos Universitetet i Stavanger. Brev fra KD datert 11.10.2024. Følges opp av ABA.
  • Høring – Endringer i universitets- og høyskoleloven og universitets- og høyskoleforskriften. Brev fra KD datert 09.10.2024. Koordineres av UA.
  • Møtereferat sentralt IDF-utvalg 22.10.24. Fast orienteringssak til styret.
  • Møtereferat sentralt IDF-utvalg 16.09.2024. Fast orienteringssak til styret.
  • Møtereferat Læringsmiljøutvalget 24.09.2024. Fast orienteringssak til styret.
  • Møtereferat Utdanningsutvalget 09.10.2024. Fast orienteringssak til styret.