Sikkerheit og forskingsetikk

Målet om internasjonal sikkerheit står i kontrast til eit fundamentalt mål om internasjonalt akademisk samarbeid.

Publisert Sist oppdatert

Innlegg av Klaus Mohn, rektor og professor ved Universitetet i Stavanger, på Leiarforum for forskingsetikk si samling i Oslo, 25. november 2022.

Kjære universitetsleiarar, kollegar

Takk for invitasjonen! Eg er glad for at utfordringane knyt til internasjonal uro og sikkerheit blir sett på agendaen også av Nasjonale forskingsetiske komitear, og ikkje minst for at leiarar i UH-sektoren får høve til å delta i denne debatten. Dette er nemleg for viktig til å bli overlate fullt og heilt til politi, teknokratar og sikkerheitsbyråkratar.

Målet om internasjonal sikkerheit står i kontrast til eit fundamentalt mål om internasjonalt akademisk samarbeid, som er djupt nedfelt i den akademiske kulturen. Denne målkonflikten er det viktig å erkjenne om ein skal kome nærmare ei fornuftig avveging mellom dei to omsyna.

Sjølv har eg i tillegg vore spesielt oppteken av menneska opp i det heile, etter som omsynet til enkeltpersonar og arbeidsmiljø har ein tendens til å forsvinne i prosedyrar, retningslinjer, forskrifter og uklåre og sprikande politiske signal. Universiteta er kunnskapsorganisasjonar, og dette gjer menneska til vår aller viktigaste ressurs.

For Universitetet i Stavanger har temaet elles blitt stadig meir aktuelt gjennom dei siste åra. På fem år har talet på internasjonalt tilsette nemleg dobla seg hos oss. Dei utgjer no 27 prosent av alle tilsette, eller til saman rundt 800 personar. Denne raske internasjonaliseringa av verksemda er meir enn vår kultur og organisasjon var førebudd på, og resultatet er visse vekstsmerter, gnisningar og slitasje.

Debatten som blei reist av Cecilie Hellestveit i Khrono i fjor haust traff oss difor med stor tyngd. Me inviterte like godt Cecilie til offentleg debattarrangement i Stavanger, og nytta samstundes høvet til ei drøfting av internasjonaliseringa ved vår eigen institusjon. Dette gav oss innsikt og erkjenning av at internasjonaliseringa har mange sider som fortener større merksemd frå leiing og støtteapparat gjennom heile organisasjonen.

I mellomtida har politiske utviklingstrekk gjort at sikkerheit har stige mot toppen av agendaen for internasjonalisering i UH-sektoren. Autoritær maktkonsolidering i Kina, opptøy og uro i Iran og ikkje minst Russland sin invasjon av Ukraina har naturleg nok skapt auka uvisse og større merksemd rundt sikkerheitsspørsmål også i den norske UH-sektoren.

Kor sårbare er me?

Eit minstekrav til norske universitet og høgskular er at me er godt kjent med sikkerheit og risiko ved vår eiga verksemd. Kva for sikkerheitsverdiar er det me forvaltar, korleis står det til med sårbarheita, og kva for avbøtande tiltak er på sin plass?

For vurderingar av trusselbiletet på nasjonalt nivå må me trekke på PST, E-tenesta og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM). Me har jamnleg kontakt med PST, og spesielt for Teknisk naturvitskapleg fakultet, der sikkerheit og risiko blir vurdert som meir uttalt enn i andre av våre fagmiljø.

Det som gjer saksfeltet spesielt krevjande er at kunnskapsdeling og openheit ligg djupt i kulturen for universitets- og høgskulesektoren, både i Noreg og internasjonalt. Dei akademiske prinsippa me held så høgt blir dermed samstundes ei kjelde til sårbarheit. Ei stor utfordring blir dermed å balansere omsynet til openheit og samarbeid mot omsynet til nasjonal sikkerheit.

Ved Universitetet i Stavanger støttar me oss til eit velutvikla system for beredskap, der ein dedikert beredskapskoordinator er rådgjevar for leiinga av universitetet. I tillegg trekk me på informasjon og innsikt frå sekretariatsrolla i Beredskapsrådet for kunnskapssektoren, som og er lagt til Universitetet i Stavanger. Sist, men ikkje minst, har me eit sterkt fagmiljø å lene oss på når det gjeld risikostyring og samfunnssikkerheit.

Kva gjer vi heilt konkret?

Med dette som utgangspunkt arbeider me no med stor merksemd for å styrke medvitet med kva som må skjermast, med andre ord ei kartlegging av sikkerheitsverdiar. For kategoriane teknologi og instrument er kartlegginga på det nærmaste. Det som står att er kanskje det mest vanskelege, nemleg å kartlegge kva for kunnskapsområde som treng å bli skjerma. Men me skal ikkje la oss stoppe av at det er komplisert.

Tilvising til lovverket er no elles teke inn i alle utlysingar av ledige stillingar, og rutinar for risikovurdering omfattar no alle fagområde på lista over eksportkontroll.  Arbeidet med lisensar frå Utanriksdepartementet er i full gang, og til liks med heile sektoren legg me her stor vekt på å etablere gode prosessar for lisenssøknadar.

I eit omfattande arbeid går no HR-avdelinga vår no gjennom alle relevante prosedyrar, retningslinjer og rutinar,  med vurdering av revisjon og justering. Arbeidet involverer fakultet, stabsavdelingar og leiinga, og ei tverrfagleg ressursgruppe med brei intern representasjon skal hjelpe til i arbeidet.

Kva tenkjer UiS om endringsforslaga til eksportkontrollforskrifta?

Me er samstundes uroa over den omfattande lista over kunnskap, varer og teknologi som no står på lista for lisensplikt i forslaget til eksportkontrollforskrift. Ein fare er at norske universitet og høgskular ikkje vil få prioritet i internasjonale forskingssamarbeid pga ulempene ved lisensplikta.

I vårt høyringssvar uttrykker me uro over dei korte fristane for innspel, etter som dette kan redusere kvaliteten av opplysing og avgjerder både for forskingsaktivitetar og tilsettingar. At omsynet til sikkerheit utan vilkår skal vege tyngre enn omsynet til akademisk fridom vil og sette grenser og reise utfordringar rundt formidling og internasjonalisering.

For vårt universitetet vil lista i forslaget til eksportkontrollforskrift omfatte dei fleste av fagområda ved det teknisk-naturvitskaplege fakultet, og vi stiller oss spørjande – til gjennomføring, oppfølging og konsekvensar. Ei god handtering av slike viktige problemstillingar føreset meir grundig utgreiing enn det no blir lagt opp til. I særleg grad gjeld dette implikasjonar for rekruttering frå risiko-land, og ikkje minst for tilsette frå risiko-land som allereie er godt integrert i fagmiljøa våre.

Per i dag er det ikkje så lett å sjå føre seg alle konsekvensane. Det meste tydar uansett på at forslaget vil føre med seg større ressursbruk og meirarbeid knytt til operasjonalisering og etterleving. I ei tid der ressursane blir stadig  knappare, vil dette gje desto mindre igjen til kunnskapsutviklinga.

Korleis kan sektoren samarbeide vidare?

Mi oppfordring til oss alle er at me tek i bruk det beste me veit om samarbeid i møtet med nye internasjonale sikkerheitsutfordringar. Gjennom deling av rutinar, kunnskap og erfaringsoverføring kan me bygge ein ny «kunnskapsfront» som høver seg for den nye sikkerheitssituasjonen.

Eg tek samstundes høvet til å slå eit slag for Beredskapsrådet i kunnskapssektoren, der  Universitetet i Stavanger har sekretariatsrolla. Saman med Sikt, Cybersikkerhetssenter for forsking og utdanning, samt PST, arrangerte rådet nyleg eit webinar med stor oppslutning. Slike aktivitetar bør me halde fram med.

Det som likevel står att er at me neppe vil klare å regulere oss fullstendig ut av all risiko. Regelstyring og samarbeid vil ta oss i rett retning, til eit risikonivå me kan akseptere. Men eit mål om null risiko er ein utopi.

Ikkje desto mindre bør UH-sektoren samarbeide for å utvikle ein kultur for betre forståing av sikkerheitsrisiko, på tvers av sektoren og i den enkelte institusjon. I dette biletet kvilar det eit ansvar og på den enkelte forskar, som må utvikle eit betre og meir kontinuerleg medvit med risiko knytt til internasjonalt forskingssamarbeid.

Enno viktigare er det kanskje at me har leiarar som set retning i dette arbeidet, og som sjølv går framfor som føredøme. Her handlar det igjen om medvit og merksemd, om opplæring og oppfølging – på agendaen i formelle og uformelle samanhengar, og i omgangen med andre institusjonar og samarbeidspartnarar.

Det er eit alvor over situasjonen, med større uvisse, meir risiko og eit høgare trusselnivå. Oppi det heile må me ikkje tape av syne kva eit universitet er, og kva som er våre fundamentale prinsipp og verdiar.

I balanseringa av tillit og tryggleik må eit overordna mål fortsatt være at me i utgangspunkt skal ha tillit og tru på dei menneska me møter. 

Takk for merksemda!

@Mohnitor