Cathrine Nyhus Hagum var ferdig student ved UiS i 2018, etter å ha tatt idrett bachelor og master i utdanningsvitskap, med fordjuping i idrett og kroppsøving. I dag er ho stipendiat ved UiS.
Kva gjer du i dag?
Eg er ph.d.-stipendiat ved Universitetet i Stavanger. Dette studieåret har eg 50% permisjon frå stipendiatstillinga for å jobbe som universitetslektor. Det er kjempekjekt! Eg underviser i treningslære, fysiologi og friluftsliv, rettleiar bachelorstudentar og driv eksamensarbeid, for både idrett årsstudium, idrett bachelor og grunnskolelærarutdanninga.
Kva har du studert?
Eg var ferdig som student ved UiS våren 2018. Då hadde eg tatt idrett bachelor, og master i utdanningsvitskap med fordjuping i idrett og kroppsøving. I tillegg har eg tatt praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for å få undervisningskompetanse.
Korleis var vegen til denne jobben etter studia?
Medan eg skreiv masteroppgåva mi jobba eg som vikar på ein barneskule, og då eg var ferdig med masteren fekk eg tilbod om jobb der. Då jobba eg eitt år som lærar medan eg begynte å ta PPU på deltid for å få undervisningskompetanse. Hausten 2019 fekk eg tilbod om å byrje som stipendiat ved UiS og takka ja til det! Det første året som stipendiat tok et fullførte eg PPU parallelt.
Hva forsker du på i doktorgradsprosjektet ditt?
Eg studerer totalbelastinga hos dei som har valgt programfag toppidrett i vidaregåande skule, og ser særleg på overgangen frå ungdomsskulen til vidaregånde. Då aukar både treningsbelastina og den generelle belastinga i liva til ungdommane. Kva betyr det for desse ungdommane som vil studere toppidrett?
Kva planar har du for livet etter doktorgraden?
Eg kan godt tenke meg å halde fram å undervise her på UiS. Det er ei bra erfaring å ta med seg å få undervise no; eg trivst i møtet med både elevane på barneskulen og studentane her på universitetet. Det er eit godt avbrekk frå kontorarbeidet, og den litt einsame tilværet som ph.d.-stipendiat. Men det er travelt å ha to ulike jobbar på ein gong!
Korleis brukar du kompetansen frå studia i jobben din?
Eg kunne strengt tatt ikkje hatt ein meir relevant jobb enn det eg har akkurat no; eg underviser i dei same faga som eg sjølv tok på UiS! Når det gjeld doktorgradsarbeidet drar eg god nytte av mastergraden, med avansert metode. Summen av bachelor, master og PPU, som gir undervisningskompetanse, er ein svært god bakgrunn for å undervise slik eg gjer no.
Kva er det beste med jobben din?
Eg kjenner meg heldig som får lov til å skrive doktorgrad; det er veldig kjekt få lov til å bruke tre år til å utvikle meg sjølv og forske på ein spanande tematikk. I eit ph.d.-løp skaper ein jo sitt eige prosjekt saman med dyktige rettleiarar, noko som er eit stor privilegium. Det gir større fridom enn i mange andre jobbar, men det er også eit stort ansvar å vere sin eigen sjef, og måtte strukturere kvardagen deretter. Eg trivst godt! Samstundes trivst eg godt med å undervise. Der får eg vere meir sosial og fysisk aktiv saman med flinke studentar, og eg får praktisere faget. Kombinasjonen av undervisning og doktorgradsarbeid er fin. Definitivt travelt, men veldig kjekt!
Kva er dine beste jobb- og karrieretips til dagens studentar?
Eg trur det er lurt å tenke gjennom kva du vil seinare i livet, prøv å sjå fram i tid og tenk på kva du ønsker å gjere, og om det er noko du kan gjere heile yrkeskarrieren. Med master får du dybde i faget, og med PPU får du undervisningskompetanse.
Og til slutt: kva er det beste med å studere idrett?
Eg likte veldig godt friluftsliv då eg tok bachelor. Lærte både meg sjølv og andre å kjenne. Du lærer mykje av å ha det kjipt i snøstorm på fjellet! Er glad for alle naturopplevingane vi fekk gjennom studiet, saman med kjekke medstudentar. Idrett er både teoretiske studiar og fysisk og praktisk aktivitet, så det passar godt for oss som lærer godt når vi er aktive. Og fordi du gjer så mykje saman blir det eit godt sosialt fellesskap ut av det også.
Les om masterstudiet i idrettsvitenskap
Dette sier studentene:
‒ Med master i idrettsvitenskap kan jeg fordype meg i emnene jeg synes er mest spennende
Lena Langeland var egentlig ganske usikker på hva hun ville studere. Hun gikk for en bachelor i idrett. Etter det var hu...
‒ Samlingsbasert master i idrettsvitenskap gjorde at jeg valgte UiS
Sandra Landsvik Børnes har samboer, hund og et helt liv i Bergen. Masterstudiet i idrettsvitenskap gjennomfører hun like...
Vil bli lektor med idrett som fag
– Du kommer til å møte andre med masse kunnskap og muligens arbeidserfaring innenfor yrket du vil inn i. Lytt til medst...
Idrett som hobby og jobb
‒ Det gir meg motivasjon til å lese meg opp og få mer kunnskap innenfor et tema jeg er veldig interessert i. Jarle Kvinl...
– Master i idrettsvitenskap gir meg økt kompetanse og åpner muligheter
Josefine Hjort Johannessen tar samlingsbasert master i idrettsvitenskap ved UiS.