Om Læringsmiljøsenteret

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) ved Universitetet i Stavanger jobbar utadretta, forsker og underviser for å gje barnehageborn, elevar, lærlingar og vaksne eit betre læringsmiljø.

Publisert Sist oppdatert
Fakta om senteret
Nasjonalt senter

Senteret har røter tilbake til 1989 og vart etablert som Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking i 2013.

Korleis vi jobbar

Læringsmiljøsenteret jobbar for eit trygt og godt læringsmiljø i barnehager, skular og SFO, gjenom å forske, undervise og formidla.

Kor finn du oss?

Vi har avdelingar båe på Ullandhaug i Stavanger og på Vallermyrene i Porsgrunn. Post- og besøksadresse finn du midt på sida.

Senterleiing
Avdelingsleiar i Porsgrunn

Solveig Iren Roth

Kontorsjefar

Ingar Lee (Stavanger) Lars Halvor Bjelland (Porsgrunn)

Kontakt oss
Ta kontakt

E-post: laringsmiljosenteret@uis.no Telefon: 51 83 29 00

Åpningstider

Mandag-fredag kl. 8.00-15.30

Svartider

Enkle spørsmål svarar vi på fortløpande. Spørsmål om oppdrag svarar vi på innan 2 veker.

Bestilling av oppdrag

Les meir under Ønskjer de hjelp?

Spekter

Gjeld henvendelsen Spekter? Finn kontaktinfo på Spektersidene.

Ønskjer de hjelp?

Vi er opptekne av at senterets ressursar skal kome flest mogeleg til gode. Samstundes tek så mange kontakt med oss at vi diverre må takke nei til nokon.

Bærbar pc og briller ligger på et bord.
Vi kan diverre ikkje bidra med enkeltståande kurs, foredrag eller rettleiing. Foto: iStock.

Alle som skriv til oss på laringsmiljosenteret@uis.no vurderer vi ut ifrå ledig kapasitet på det aktuelle fagområdet. Eksterne ressurspersonar som vi har eit formelt samarbeid med, kan nyttast når dei har den ønska kompetansen.

Senteret har begrensa kapasitet, og vi er opptatt av korleis senterets ressursar kan kome flest mogleg til gode. Vi kan diverre ikkje bistå skular, barnehager eller foreldremøte med enkeltståande kurs, føredrag eller rettleiing. Vi prioriterer statsforvaltere, UH-sektoren og større arrangement med mange innan målgruppa.

Førespurnader direkte til tilsette

Førespurnader direkte til ansatte vurderast som private førespurnader. Da er det opp til den enkelte tilsette å bruke sin rett til å ta private oppdrag utover forpliktingane på senteret. Private oppdrag kan ikkje vere konkurrerande med senterets verksemd. Difor vert dei fleste private førespurnader videreformidla til senteret for vurdering. Vi jobbar etter Etiske retningslinjer for statstjenesten (se punkt 4.2 om bierverv).

Mediekontakter

Seniorrådgiver
51833096
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultetsadministrasjonen UH
Administrasjon NSLA Avd. Stavanger
Senterleder
51834023
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Tema og målgrupper

Kven er vi og kven er vi til for?

Få ein rask oversikt over våre målgrupper og temaene vi jobbar med.

Læringsmiljøsenterets ansatte på personalseminar i Kristiansand juni 2023
Læringsmiljøsenterets tilsette fotografert i samband med eit personalseminar i juni 2023. Foto: Jørn Steen.

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) blei oppretta i 2013. Senteret er tilknytta Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger. 

Senteret jobbar med oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og oppgåver innan forsking og utvikling, kompetanseutvikling i barnehagar og skular, og undervisning og rettleiing ved universitetet. Fagområda våre er blant anna mobbing, læringsmiljø, klasseleiing, skolevegring, psykisk helse, sosial kompetanse, lekbasert læring, organisasjonsutvikling og mangfold og inkludering.

Læringsmiljøsenteret har to avdelingar; ein i Stavanger og ein i Porsgrunn. Det er i dag om lag 100 tilsette ved eller tilknytta senteret. 

Læringsmiljøsenterets nettsider og ressursar er særskilt nyttige for

  • lærarar
  • barnehagelærarar
  • leiarar i barnehage eller skule
  • skuleeigarar
  • barnehageeigarar
  • lærerutdannarar
  • lærerstudentar
  • tilsette i PP-tjenesta
  • tilsette i SFO/AKS
  • andre tilsette innan barnehage- og skulesektoren

Her finn du oss

Avdeling Stavanger
Besøksadresse

Hulda Garborgs hus Q-fløya, 3. etasje Rektor Natvig-Pedersens vei 39, 4021 Stavanger

Postadresse

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking, Postboks 8600 Forus, 4036 Stavanger

Hulda Garborgs Hus
Stavangeravdelingen held til i Hulda Garborgs Hus på Ullandhaug.
Avdeling Porsgrunn
Besøksadresse

Deltabygget, 4. etasje Kjølnes Ring 30, 3918 Porsgrunn

Postadresse

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, Kjølnes Ring 30, 3918 Porsgrunn

Delta
Porgrunnsavdelingen befinn seg i 4. etasje i Deltabygget på Vallermyrene.

Du vil kan hende vite meir om dette?