Avdeling for kvalitet og helseteknologi skal bidra med kunnskap som gir pasientar og brukarar helsetenester av høg kvalitet. Tilsette har fokus på pasienttryggleik, helseteknologi, samhandling og brukarmedverknad.
101
Nina Hjertvikrem
23
Paviljong 15 ved Kjell Arholms hus
Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Om avdelinga
Avdeling for kvalitet og helseteknologi har ein fagprofil som legg stor vekt på pasienttryggleik, helseteknologi, pasientrettar, samhandling og involvering av pasientar, brukarar og pårørande. Dette er satsingsområde for framtidas nasjonale og internasjonale helsetenester.
Vi vektlegg ei tverrfagleg tilnærming og involvering av studentar, pasientar, brukarar og helsepersonell i alle kjerneaktivitetar. Vi satsar på simuleringsbasert opplæring og utdanningsforsking, fordi vi vil at helsepersonell og studentar skal læra i trygge, men realistiske omgivnader for å kunna takla morgondagens helseutfordringar.
Avdelinga har kompetanse som dekker alle nivå i helsetenestene, frå overordna rettsleg regulering og policyutvikling, til pasientnær behandling i kommunale-, spesialist- og prehospitale tenester, og samhandling mellom desse, både nasjonalt og internasjonalt
Fagområde ved avdelinga er:
- Kvalitetsbetring og pasienttryggleik
- E-læring, simulering og helseteknologi
- Medverknad og samhandling
- Rettsleg regulering