Lærarstudenter får kjenne utvandringshistoria på kroppen

Ein tro kopi av utvandrarskipet "Restauration" skal fungere som klasserom når lærarstudentar no utviklar eit formidlingsopplegg om utvandringa til USA. No har dei sjølve sett sjøbein for å få betre kjennskap til historia.

Publisert Sist oppdatert

et bord med tauverksrarbeid i midteny, rundt bordet sitter mennesker med penn og papir. En hånd strekker seg ut mot et av tauverksarbeidet, en fender i hamptau
Lærarstudentar har teke utfordringa om å utvikle og teste eit formidlingsopplegg om utvandringa til USA. Ideane deira skal nyttast av venneforeninga til "Restauration" når dei skal ta imot sjuandeklassingar frå Stavangerskulen i juni. I utfordringa studentane har fått ligg at opplegget skal vere elevaktivt. (Foto: Linn Normand)

I 2025 er det 200 år siden sluppen ‘Restauration’ seilte over Atlanterhavet fra Stavanger til New York og markerte starten på storstilt og organisert utvandring til USA. Førebuingane til eit jubileum er godt i gang og lærarstudenter er sentrale i arbeidet.

Det var venneforeninga til Restauration som kom med utfordringa å utarbeide et pedagogisk formidlingsopplegg om norsk utvandring til USA.

Denne veka var studentane om bord på sluppen for å bli betre kjend med fartøyet og ut frå møter med venneforeninga, inntrykk og opplevingar er studentane no godt i gang med å utarbeide og teste sitt eiga formidlingsopplegg over temaet. Sluppen ligg til kai på Utstein, så det er ikkje sikkert at behovet for å setje sjøbein for å halde balansen melde seg for studentane. At opplevinga ga inntrykk, er derimot heilt sikkert.

‒ Eg kjende veldig lite til denne delen av historia frå før, så det var eigentleg ganske nytt for meg, fortel Rebecca Celine Øynes, student ved grunnskulelærarutdanninga. Ho lurer på om det kan handle om at ho sjølv kjem frå Austlandet, dette med at ho ikkje hadde mykje forkunnskapar om utvandringshistoria med "Restauration".

Studenten fortel at dei jobba i grupper, fekk stille spørsmål og sjå korleis utvandrarane hadde det på si ferd over havet.

‒ Det gjorde inntrykk å kjenne på kroppen kor trongt dei må ha hatt det på reisa, fortel Øynes.

Medan studentane kun var tjue i talet, var det 52 utvandrarar som drog ut av Vågen med "Restauration" sommaren 1825, Tolv veker seinare la "Restauration" til kai i New York. Då var fylgjet blitt 53. Ein vart fødd under overfarten. Øynes konkluderer med at det må ha kjendes trongt.

‒ Migrasjon er eit aktuelt tema

Tematikken kring migrasjon byr på refleksjon og bevisstgjøring. Kven drog ut? Kven blei igjen i Noreg? Kva følgjer hadde det for landet som blei tømd for barn og unge, kunnskapsrike og innovative nordmenn? Eller var det ikkje slik det var? Kva var konsekvensane for staden dei kom til? Hvem ble igjen i Norge?

‒ Dette er viktig for å forstå dagens USA, eit land som består av titalls millionar utvandra europearar som flykta frå religiøs forfølging og økonomisk fattigdom. Det åpner for forståing av eiga samtid og dagens flyktningpolitikk, seier Ellen Kongsnes, universitetslektor i historie ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Ho underviser i historie for grunnskulelærarstudentar ved UiS.

Prosjektleiar Linn Normand held fram:

‒ Dette er pedagogisk lærerikt for lærarstudentene, meiner Normand, førsteamanuensis i historie ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.

Normand fortel at studentane har fått god innsikt i den historiske utreisa frå Stavanger til USA, som inneber både lokalhistorie og utvandringhistorie.

‒ Gjennom arbeidet får studentane verkeleg gått inn i viktige omgrep relevant for læreplanutvikling og eiga framtid innanfor undervising. Ikkje minst er dette eit prosjekt som innbyr til stort engasjement med rom for eksperimentering og learning by doing, seier Normand.

‒ Eg tykkjer at det har vore givande å få vere med eit slikt større prosjekt, og at dette skal nyttast i formidling for sjuendeklassinger. Eg trur elevane vil synes det er gøy å komme om bord og oppleve eit praktisk undervisningsopplegg som dette, seier Øynes.

Venneforeninga skal nytte ideane frå lærarstudentane når dei tek imot 7. klassingar frå stavangerskulane 4.-7. juni. Då vil Restauration ha segla frå ankerplassen sin på Utstein og inn i Vågen for å ta i mot elevane der.

Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.
Foto: Ellen Kongsnes, Linn Normand.

plansje som fortel historia om ankomsten til sluppen "Restauration" i USA

Det var 52 om bord på "Restauration" då sluppen segla ut av Vågen sommaren 1825. Tolv veker seinare, ved ankomst i New York hadde reisefylgjet blitt 53. Ei lita jente vart fødd under overfarten. (Foto: Ellen Kongsnes)

eit skip som ligg til kai, folk på vei ombord

Restauration ligg til kai på Utstein, og dit drog lærarstudentane og blei betre kjend med utvandrarhistoria og overfarten dei fyrste utvandrarane hadde med "Restauration".

to menn står foran ei gruppe menneske og snakkar

Venneforeninga til "Restauration" er dei som har kome med utfordringa om å lage eit formidlingsopplegg om utvandringa, retta inn mot sjuandeklassingar i Stavangerskulen. (Foto: Linn Normand)

kart med oversikt over kvekarar i Rogaland

Utvandrarane om bord på "Restauration" i 1825 var kvekarar. (Foto: Ellen Kongsnes)

folk sitter og står langs en vegg, vi ser ryggen av en mann som snakker til de som er i rommet. Lavt under taket, trebjelker og søyler i rommet

I dette rommet budde 52 utvandrarar i tolv veker. Den gong var ikkje båten innreida som i dag, men hadde eit stort lasterom utan senger eller bord. (Foto: Ellen Kongsnes)

Omtalt i denne artikkelen

Førsteamanuensis i samfunnsfag
51832956
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Universitetslektor i samfunnsfag
51831491
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for medie- og samfunnsfag

Aktuelt frå Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk

Kurs i det du alltid har lurt på i matematikk (men ikke tort å spørre om)

Førsteårsstudenter ved grunnskolelærerutdanningen 1 -7 får tilbud om å booste kunnskap og forståelse i matematikk før ob...

‒ Videreutdanningen i kunst og håndverk har gitt meg et fornyet syn på det å undervise!

Inger Louise Grude og Morten Eriksen har god fartstid som lærere. Nå får de formell kompetanse i et fag de begge er spes...

Knytter teori og praksis tettere sammen gjennom universitetsskolesamarbeidet

Førsteårsstudentene ved lærerutdanningen får undervisning om tematikken 'vurdering' på Lunde ungdomsskole. Lærere fra sk...

Ferske grunnskolelærerstudenter ved UiS får unik praksisopplevelse på campus

Gjennom opplegget "Første møter første" får grunnskolelærerstudenter ved UiS i oppgave å planlegge og gjennomføre læring...

Sola-seminaret: For nyutdannede lærere og barnehagelærere

Bli med på Sola-seminaret! Dette er en møteplass for alle som jobber innen skole, men nyutdannede barnehagelærere og lær...

- Lærerstudenter er som oftest veldig sosiale mennesker

Anav Patial Sivertsen ble overrasket over hvor bra og intimt studentmiljøet er i Stavanger da han flyttet hit, og liker ...

Matematikk 2 (5.–10. trinn)

Ønsker du å utvikle din undervisningskunnskap i matematikk? Dette studiet retter seg i hovedsak mot lærere på ungdomstri...

Aktive elever lærer bedre

Skoleungdom som får røre seg mer, lærer bedre. Mer fysisk aktivitet betyr bedre læringsmiljø; det slår til og med ut på ...

Ble sendt til Malawi for å ta praksis

Lærerstudenter ved UiS fikk forrige semester oppleve en litt annerledes praksisperiode enn de er vant med. De fikk være ...

Utviklar forsking og gode praksisar i kritisk tenking

Friske EU-midlar forlengar internasjonalt UiS-prosjekt med tre år.

UiS bidrar til betre matematikkundervisning i Malawi

Tilfeldigheiter gjorde at Arne Jakobsen søkte NORAD om støtte til eit matematikkprosjekt i Malawi. Fem år seinare ser ha...

Ti gode grunner til å bli grunnskolelærer

«Er det veldig komplisert matte hvis du skal bli lærer?». «Hva er lønnen?». Det var noe av det elevene ved St. Svithun v...

Skal bli betre lærarar gjennom deling

Amerikanaren Kem Saichaie var nyleg i Stavanger, som gjest hjå programområdet DEMCI (Demokrati og medborgerskap: tverrfa...

Mat på timeplanen

Grunnskolelærarstudentane som har valfaget Mat og helse vitja den økologiske garden på Ullandhaug tidlegare i haust.

Framtidens yrker: Spillpedagog

– For å bli en god spillpedagog må du være genuint interessert i spill, og ha tro på at spill har en verdi i seg selv, s...