Dette er biblioteket si fagside for studier knytt til institutt for barnehagelærarutdanning, institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret. Her finn du biblioteket sine nyttige tips til deg som er student innan pedagogiske fag.
Er det noko som manglar i biblioteket si samling? Forslag til eit abonnement me burde ha? Kom gjerne med forslag!
Ansatte, stipendiater og masterstudenter ved UiS som skal i gang med et større forskningsprosjekt kan få individuell søkeveiledning fra biblioteket.
Kontaktperson
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Geir Strandenæs Larsen er kontaktbibliotekar for pedagogiske fag, og har ansvar for følgende institutt og nasjonale senter:
- Institutt for barnehagelærerutdanning.
- Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk.
- Kunnskapssenter for utdanning.
- Lesesenteret.
- Læringsmiljøsenteret.

Oppgåveskriving i høgare utdanning
Ei god oppgåve i høgare utdanning krev blant anna at du brukar andre stemmer i teksten enn kun din eigen. Her får du enkle tips til korleis du kan gjera oppgåva di meir akademisk.
Litteratur
Bruk gode og varierte kjelder. Tenk at kvar kjelde fyller ulike behov i teksten. Bruk biblioteket aktivt til å finna kjelder som:
- Trykte og elektroniske bøker: me har både pensum- og fagbøker innan alle moglege fagfelt.
- Trykte og elektroniske tidsskrift og artiklar: Du kan låna tidsskrift i biblioteket eller finna dei digitalt i Oria. Les meir om ulike typar artiklar og tidsskrift her.
Standardar, statistikk, rapportar og mykje meir.
Her kan du kan lesa meir om å søka etter litteratur.
Manglar me det du treng? Be om fjernlån eller send oss eit innkjøpsforslag.
Akademisk skriving
Skaff deg kunnskap om akademisk skriving slik at du kan skriva kjeldene du har vald å bruka inn i teksten på ein god måte. Øv deg på læra språket innad i ditt fagfelt, det vil vera veldig nyttig for deg når du seinare skal ut i yrkeslivet. Les meir om, og finn mange nyttige ressursar om akademisk skriving her:
Kjelder og kjeldekritikk
Lær deg korrekt sitatteknikk, og bruk den konsekvent. Då gjer du anerkjennelse der den høyrer heime, og du unngår plagiat.
Meir om kjelder:

Nyttig å vite om ulike typar artiklar og tidsskrift
Det er forskjellar mellom generelle tidsskrift og artiklar, og vitskaplege tidsskrift og vitskaplege artiklar. Nedanfor kan du lesa om dei viktigaste forskjellane, og kva det er nyttig å bruka dei ulike typane til.

Bachelor - og masteroppgåver
Oppgåvene me viser til her har fått karakteren A eller B, så du kan derfor trygt tenka at desse kan vera nyttige å bruka som inspirasjon til eiga bacheloroppgåve. Merk deg at biblioteket brukar ordet inspirasjon. Det er fordi bachelor- og masteroppgåver ikkje er fagfellevurdert vitskapleg forsking og me anbefaler ikkje å bruka desse ukritisk som kjelder i oppgåva di. Det dei gjerne kan brukast til er å sjå på struktur, problemstilling, metode, litteraturliste og drøfting for å få tips til korleis du kan gjera det i eiga oppgåve.

Bestill rettleiing
Syns du det er utfordrande å finna god litteratur til oppgåva eller forskinga di? Masterstudentar, PhD-kandidatar og tilsette ved UiS kan booka time til veiledning i litteratursøk eller systematiske søk.
Masterstudentar, PhD-kandidatar og tilsette ved UiS kan bestilla individuell rettleiing.
For at veiledninga skal bli mest mogleg nyttig er det ønskeleg at du før timen har:
- Laga ei liste med gode nøkkelord både på norsk og engelsk
- Tenkt gjennom kva type litteratur du treng å finna
- Prøvd å søka litt sjølv i dei ulike databasane som er anbefalt for ditt fag
- Tenkt gjennom kva som er utfordrande for deg når det kjem til litteratursøk
Du kan bestilla time til søkeveiledning her.

Systematisk søk
Eit systematisk litteratursøk er eit omfattande og godt planlagt søk i databasar og andre aktuelle kjelder. Bruk av faglege søkeord og synonym er viktig. Føremålet er å finne så mykje litteratur som mogleg på eit felt. Søka skal vera grundig dokumenterte og etterprøvbare.
Tilsette, stipendiatar og masterstudentar ved UiS kan bestilla individuell rettleiing for søk og systematiske søk. Ta kontakt dersom du treng søkehjelp. For å få best mogleg utbytte av ei søkerettleiing er det viktig at du kjem førebudd.
Før du skal begynna å søka:
- Kva er det du vil finna ut? Definer problemstilling og hovudelement i søkestrategien. Finn relevante søkeord og fagtermar. Hugs at alle aktuelle omgrep og synonym skal inkluderast.
- Kva for type litteratur treng du å finna? Berre vitskaplege artiklar, eller skal annan type litteratur også vera med?
- Kor skal du søka? Velg relevante fagdatabasar basert på ditt emne
- Kva skal ikkje vera med? Bestem avgrensingar for å kunne ekskludera irrelevant litteratur.
Meir om systematisk søking:
Her finn du lenker til relevante sider som kan gje deg tips og råd om korleis gjera systematiske søk. Nokre av lenkene er til helsefaglege sider, men dei kan likevel vera relevante for andre fagdisiplinar.
- PhD on Track
- Søk og Skriv: Systematisk søking
- Systematisk litteratursøk innen helsefag (NTNU)
- Folkehelseinstituttet: Kva er ei kunnskapsoppsummering
- Cochrane handbook: Laga søkestrategi
- Rayyan: Gratis verktøy til hjelp med screening av artiklar for dei som skriv oversiktsartiklar.
Pedagogisk litteratur og nyttige ressursar
Her finn du nyttige ressursar slik som nettsider, oppslagsverk og tidsskrifter. Bruk gjerne informasjon frå desse sidene i oppgåva di, i tillegg til fagbøker og vitskaplege artiklar.
Bruk barnelitteratur i undervisning og praksis
Visste du at i biblioteket på Ullandhaug har me mykje god barnelitteratur?
Me kjøper inn nye barnebøker jamnt og trutt, og strebar etter å ha ei oppdatert og interessant samling slik at du som student kan koma til oss og finna bøker du kan ta med ut i praksis. Det er sjølvsagt også lov å låna bøker til eige bruk òg :)
Me har fagbøker for barn innan mange spennande tema, og me har romanar og billedbøker.
Høgtlesing er kjekt for både born og vaksne og er ein veldig fin moglegheit til å gje dei små ein inngang til den spennande litteraturverda.