Læraren kan orkestrere det som skjer sosialt i klasserommet. Kva rolle dette spelar i undervisning og korleis ein kan optimalisere undervisning ved å manipulere, orkestrere og koreografere kva type interaksjon elevar får oppleve i klasserommet, det er det vi studerer.
Slik opnar professor David Clarke, University of Melbourne, videoklippet i presentasjonen av det som kanskje er det mest avanserte klasseromslaboratoriet i verda.
Rommet ser ut omlag som klasserom verda over, men er likevel heilt ulikt. Medan undervisninga skjer vert alt elevane og lærarane seier og gjer i klasserommet tatt opp på video for seinare analysar. Målet er å forstå læringsprosessar betre. For å redusere påverknaden av at forskarane er til stades er det montert 16 diskré kamera i rommet. 32 mikrofonar fangar opp alt lærarar og elevar seier og gjer. Forskarane sit bak einvegsspeglar for å observere klassen utan å forstyrre elevane eller lærarane. Samstundes kan dei samarbeide med forskarar verda over via nettet. Det er reine "minutt for minutt"-sendinga.
Studerer korleis lærar kan målrette undervisninga
Professor Clarke er leiar ved International Center for Classroom Research (ICCR). Saman med kollegaer både i Australia og verda over studerer han korleis lærar kan målrette undervisninga slik at elevane lærer optimalt. Samarbeidet med lærarar om utvikling av undervisning, oppgåver, samarbeidsformer osv. gir grunnlag for å granske kva som har størst effekt på læring og under kva føresetnadar. Undervisninga er flytta inn i det høgteknologiske klasserommet. Kvar einskild elev vert observert, og all interaksjon mellom lærarar og elevar og elevar seg imellom vert granska nærare. Ein er sjølvsagt opptatt av kva læraren gjer, men like mykje vekt vert det lagt på korleis ulike undervisningsformer og interaksjon verkar for den einskilde eleven og korleis læraren kan påverke dette. Ein prøver òg ut nye undervisningsformer.
Gjennom samarbeid med forskarar verda over, kan Clarke og kollegaene hans studere likskap og skilnadar mellom ulike skulekulturarar, og slik forstå korleis kulturell kontekst og god praksis kan kombinerast for å gje optimal læring. Eit prosjektet studerer mellom anna læringsutbytte som er vektlagt og verdsett i dei ulike kulturelle kontekstane, og med tanke på læreplanar, undervisningsformer, standardar og vurderingsformer.
Ikkje berre ein undervisningsmetode som er best?
Clarke og kollegaer har tidlegare mellom anna granska korleis undervisningsformer som er verdsett i vestelege kulturar. Til dømes i Australia, der dei vektlegg sterkt å innvolvere elevane i arbeid med fagstoffet, la dei reflektere, analysere og utforske. Dei samanlikna dette med læringsutbytte i kulturar der ein ikkje vektlegg denne type undervisning, som til dømes Sør-Korea og Hong Kong. Dette er skulekulturar der undervisninga i matematikk er prega av det vi kanskje ville skildre som gamaldags "les-i-kor-frå-tavla"-undervisning.
Clarke og kollegane fann at elevar i Sør-Korea og Hong Kong hadde minst like stor forståing for matematiske omgrep, og bruken av dei, som vestlege elevar som hadde reflektert og arbeida med fagstoffet.
Utan at vi her skal forenkle for mykje, så kan dette vere ein indikasjon på at det ikkje er ein undervisningsmetode som er den beste. Av og til kan ein få inntrykk av det når ein les presentasjonar av ei ny og spennande undervisningsform som får stort gjennomslag, ofte utan dokumentasjon for at metoden har effekt. Nokre undervisningstilnærmingar er meir effektive enn andre, men det finst ikkje ei som er rett.
Klasseromslaboratorium kan brukast til å utforske ny praksis
Ved ICCR fokuserar dei særleg på matematikk og naturfag, men forskingstilnærmingane, og ikkje minst det høgteknologiske klasserommet, kan nyttast for å vidareutvikle læring i dei fleste fag.
Eit laboratoria som dette kunne vi hatt stor nytte av her i landet òg. I forskingsprosjekt som CIESL, der vi brukar videoobservasjon i klasserommet, får vi mykje viktig og nyttig ny kunnskap. Med eit klasseromslaboratorium som dette kunne vi bygge vidare på den kunnskapen og saman med lærarar vidareutvikle praksis i norske klasserom. Vi kunne utvikle meir kunnskap om føresetnadar for å tilpasse undervisninga til enkeltelevar og ulike grupper elevar. Særleg nyttig vil det vere om vi i tillegg utnytta det til simulering, slik at lærarar, lærarstudentar og elevar kan utforske ny undervisningspraksis.
Vi kan sette det på ynskjelista... Så kan vi lage vår eiga "minutt for minutt"-sending som gir meir enn underhaldning.
Tekst: Professor Sigrun K. Ertesvåg
Les også
Klasseledelse
Dette kan styrke relasjonane mellom elevane
I klasserommet er det ingen motsetnad mellom fagleg og sosial læring, syner ny forsking.
Elever med konsentrasjonsvansker opplever mindre læringsstøtte
Ny forskning viser at elever som rapporterte om manglende konsentrasjon også opplevde liten grad av læringsstøtte fra læ...
Elever blir mer engasjerte av lærere som bryr seg
Gløden for skolen synker med alderen om ikke læreren gir følelsesmessig støtte til den enkelte elev, viser en ny studie ...
Lærere som støtter elevene faglig trives bedre på jobben
En av tre lærere sier de utvikler seg innen faglig støtte til elevene. Lærerne som opplevde fremgang er mer fornøyde med...
Norske lærarar er gode på utvikling av positive læringsmiljø
Lærarar i Noreg er generelt dyktige til å utvikle positive læringsmiljø og organisere undervisninga i klasserommet. Men ...
Observerer vi det vi er ute etter å observere på en pålitelig måte?
Denne studien undersøker om observasjonsinstrumentet CLASS-S kan brukes i forbindelse med observasjoner i norske ungdoms...
Lærere på ungdomsskolen lærer mye av hverandre
Samarbeid mellom lærere er vel så viktig som egen innsats for at ungdomsskolelærere skal bli enda bedre pedagoger.
God klasseledelse henger sammen med jobbtilfredshet
En studie basert på data fra CIESL-prosjektet viser at lærere som er skårer høyt på emosjonell støtte, klasseromsorganis...
Elevenes engasjement i skolen
Elevengasjement handler blant annet om elevenes interesse, entusiasme, deltakelse og involvering i skolen og i skolearbe...
Elever opplevde bedre læringsstøtte fra lærerne
En ny studie tyder på en liten gruppe elever (ca. 10 prosent) opplevde forbedring i lærernes læringsstøtte i perioden sk...
Partnerskap mellom lærerutdanningsinstitusjoner og skoler bør oppmuntres
Samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og skoler kan bidra til å bringe akademia og praksisfeltet nærmere hverandre, med...
Venner er viktig for de som blir mobbet
Elever som blir utsatt for mobbing opplever mindre støtte og tilsyn fra lærere enn elever som ikke blir mobbet. Men gode...