Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut til personar som har utmerkt seg med framifrå bidrag til regionale studiar.

Publisert Sist oppdatert
Smilende kvinne viser frem diplom med påskrift "Marte Solheim"
Marte Solheim fekk prisen "Distinguished Service Award 2023" under RSAs konferanse i Solvenia i juni.

Prisen fekk ho under Regional Studies Associations (RSA) konferanse i Ljublijana, Slovenia, i midten av juni.

– Det er stor stas og inspirerande å få denne anerkjenninga. Eg har sett stor pris på alle dei gode internasjonale og nasjonale samarbeida gjennom desse åra, i ein inkluderande og internasjonalt anerkjend organisasjon, seier Solheim.

Solheim har vore engasjert i RSA i fleire år gjennom fleire ulike initiativ. Ho har mellom anna vore Regional Studies Ambassador til Noreg 2020–2023, eit verv ho trer frå i juni. I kraft av å vera ambassadør har ho også sete i styringsgruppa for NoRSA, den nordiske forgreininga til organisasjonen.

Solheim er professor i innovasjon ved Handelshøgskolen ved UiS og avtroppande leiar for Senter for innovasjonsforsking. I august går ho inn i toppleiinga ved UiS som prorektor for innovasjon og samfunn.

Les også: Internasjonal pris til Senter for innovasjonsforsking

Tekst: Silje Marnburg Ellefsen

Aktuelt frå Handelshøgskolen UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!