Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du kan bruka KI-teknologi i studia og arbeidslivet.
Sidan ChatGPT vart lansert i november i fjor, har kunstig intelligens vore heftig debattert. I utdanningssektoren har diskusjonane spesielt handla om juks og korleis ein kan hindra bruk.
På Handelshøgskolen ved UiS har fagmiljøet gått motsett veg. Studentane blir oppmoda til å ta i bruk KI (kunstig intelligens) og faglærarane integrerer KI-teknologi i undervisninga.
Fakultetet har også ein klar policy for bruk av KI, nye masterstudentar fekk ei innføring i bruk av kunstig intelligens ved semesterstart, og skulen har ein KI-portal som studentane kan utforska moglegheitene i teknologien og læra seg gode måtar å bruka KI på.
– Handelshøgskolen ved UiS er antakeleg unik i universitets-Noreg når det gjeld den positive og systematiske tilnærminga vår til å få KI inn i lærings- og undervisningsprosessar, seier økonomiprofessor Gorm Kipperberg.
Kipperberg har vore ein av pådrivarane for at fakultetet skulle ta ein posisjon innanfor KI, saman med Yuko Onozaka, Tom Brökel og Thomas Laudal.
KI-bot som læringsassistent
Med KI-portalen kan studentane utforska teknologien, bruka KI til å læra nye ting og trena seg på korleis dei kan utnytta potensialet i kunstig intelligens. Portalen består av fleire ulike boter som kvar har ulike bruksområde.

Til dømes har den ein KI-læringsassistent som kan hjelpa deg med å styrkja matematikkunnskapane dine eller lære deg programmeringsspråket R. R blir brukt i økonomifaget til å laga statistiske berekningar og datavisualisering.
Portalen har også ein bot som kan brukast til å forbetra tekst eller lære deg korleis du skriv gode leietekstar (promts) slik at ChatGPT svarer på nøyaktig det du ber om.
Den kan også fungera som ein lærar som hjelper deg til å bli god i forhandlingar. Boten simulerer eit scenario og opptrer som motparten, samtidig som han også gir deg tilbakemeldingar på korleis du kan bli betre.
Nye undervisnings- og vurderingsmetodar

Professor i økonomi og leiar for masterprogrammet i økonomi og administrasjon, Yuko Onozaka, fortel at ho ser på KI som er kraftig verktøy som kan forbetra læringa til studentane.
– KI-læringsassistenten vår er eit godt døme. Den er tilgjengeleg heile døgnet, gir personleg assistanse og skaper eit trygt rom for alle typar spørsmål. Målet er å berika læringsopplevinga og byggja sjølvtilliten til studentane, seier Onozaka.
Kvifor er det viktig at utdanningsinstitusjonar underviser studentar i korleis ein brukar KI?
– KI vil endra måten me lever og jobbar på. Derfor bør me som utdanningsinstitusjon hjelpa dei med å liggja eit steg framfor og gjera ein forskjell i verda.
Kva innverknad trur du at KI vil ha på utdanning og universitet i framtida?
– KI har allereie byrja å endra utdanningslandskapet. Denne nye konteksten gjer at me må revurdera dei tradisjonelle vurderingsmetodane me bruker. Utover å berre leggja til rette for personleg læring, opnar også KI for innovative undervisnings- og læringsmetodar. Nokre av desse har me kanskje ikkje føresett endå.
Korleis har tilbakemeldingane frå studentane vore så langt?
– Tilbakemeldingane har vore positive. Studentane våre er nysgjerrige på KI, og mange set pris på å få rettleiing og praktisk innblikk i korleis dei kan bruka kunstig intelligens.
Tekst: Silje Marnburg Ellefsen