Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to år vil dei første kandidatane gå ut frå jusstudiet i Stavanger med ei fullverdig mastergrad i jus som gir høve til å bli advokat og dommar.

Publisert Sist oppdatert

Me har teke ein prat med Mona Talberg som er ein av studentane på det nye studiet. Talberg er frå Åndalsnes og har ei bachelorgrad i rettsvitskap frå Lillehammer.

To unge kvinner sitter og leser på bibliotek
Mona på lesesal saman med venninner frå studiet. Foto: Silje Marnburg Ellefsen

Kva var grunnen til at du valde å studera master i rettsvitskap i Stavanger?

Ein viktig faktor for meg, var at klassane er mindre her. Eg ønskjer å ha forelesingar der folk er aktive, og det er lettare å rekkja opp handa og bidra i forelesinga viss det er 30 stykk enn viss det er 100.

Ein annan grunn til at eg valde Stavanger, var at dette er ein region med eit rikt næringsliv og mange høve i arbeidsmarknaden. Det å ha det rett utanfor døra, er luksus. I alle fall når ein byrjar å komma så pass langt ut i studieløpet at det ikkje er så lenge til ein skal ut i arbeidslivet. Eg hadde også høyrt at universitetet var veldig flinke til å samarbeida med næringslivet. Det er ei forventing som verkeleg har innfridd allereie. 

Eg forventar også at UiS vil leggja mykje i potten for å gjera dette nye studiet bra. Eg synest det er spennande å vera med på noko heilt nytt, samtidig som det er ein tryggleik i at det allereie har vore ein master i forretningsjus her. 

Mona Talberg på campus Ullandhaug med studenter i bakgrunnen

Korleis har oppstarten på studiet vore?

Oppstarten har vore veldig bra. Me starta med fadderveke der me vart kjende med nye medstudentar og byen. Andre veka hadde me «boot camp» med fullt opplegg i fem dagar, og tema var «soft skills», ferdigheiter som er viktig i arbeidslivet, men som me ikkje direkte lærer på studiet. Me vart veldig positivt overraska over kor bra og nyttig opplegget var. Det var mange gode foredrag frå både interne og eksterne.

Skal eg trekkja fram noko som eg synest var spesielt interessant, vil eg nemna foredraget me fekk om forhandlingsstrategi. Det var veldig spennande! Me hadde også ei veldig bra forelesing i retorikk – som jo ikkje høyrest dritgøy ut – men foredragshaldaren det var superflink og alle sett igjen og sa «Wow, dette var bra».  

Kva forventar du av studietida di her?

At eg skal læra masse i eit miljø som er godt både fagleg og sosialt. Eg forventar også at eg skal finna ut meir om kva område innanfor jussen eg interesserer meg for og kva veg eg vil gå vidare. Heldigvis er det sånn at jussen er veldig generell, og ein treng ikkje vita alt når ein går ut herifrå med ein master, men eg håpar tida her vil peika meg i ei retning. 

Kva er karriereambisjonane dine, og kva kunne du tenkja deg å gjera etter studiet?

Eg er ganske open og nysgjerrig på ulike ting, og har ikkje peika meg ut ei klar retning eller draumejobb endå. Jus er superinteressant, og eg kjenner verkeleg at eg har valt rett studium. Heldigvis er det ei utdanning som gir mange høve i yrkeslivet, og eg har framleis god tid til å finna ut av kva eg vil gjera.  

Kvifor valde du å studera jus i utgangspunktet?

Dette er kanskje eit veldig typisk svar, men eg hadde rettslære på vidaregåande og syntest det var veldig interessant. Då eg byrja på bacheloren i Lillehammer, kjende eg veldig fort at eg hadde valt rett. 

Eg trur det er veldig viktig når du studerer, at du må vera genuint interessert for å klara å halda motivasjonen oppe over tid. Det nyttar ikkje berre å vera skuleflink. Gjennom studiet har eg eigentleg berre kjent på ein veksande motivasjon og interesse. 

Gruppe unge kvinner snakke sammen på en messe
I starten av semesteret arrangerte samskipnadene Business Week. Studentane fekk treffa fleire av advokatkontora og konsulentselskapa i regionen. Foto: Silje Marnburg Ellefsen

Kva tenkjer du om at det no er mogleg å ta ei fullverdig master i jus fleire stader enn berre i Oslo, Bergen og Tromsø?

Eg synest det er kjekt at ein har fleire moglegheiter, og eg trur det er positivt med litt konkurranse. For eg vil jo tru at til dømes Universitetet i Bergen no brettar opp ermane når det kjem fleire til.

Så skal ein heller ikkje leggja skjul på at det er eit karakterpress på jusstudiet, både for å komma inn og fordi mange vil ha gode karakterar. Det presset har nok vore ekstra stort på dei stadane med bachelor, der du er nøydd til å konkurrera på ein liten kvote for å komma vidare. Fokus på karakterar er sjølvsagt ikkje berre negativt, men eg kjende veldig på det i Lillehammer, der den einaste moglegheita for å komma vidare lenge var Bergen. Med over 100 stykk på kullet som kjempa om 20 plassar ved UiB, kan det bli eit usunt press, og det kan påverka studiemiljøet negativt når ein ser på kvarandre som konkurrentar. 

Tekst: Silje Marnburg Ellefsen

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...

– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse

Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk ...