Masterstudentane tok med casearbeidet ut til vindkraftpark

– Det var perfekt at me kunne dra ut og sjå det på ekte, seier professor Gorm Kipperberg.

Publisert Sist oppdatert

– Dette var veldig kjekt. Det er fint å oppleve på ekte det me leser om, seier Ingrid Flood, Ragnhild Leidland og Maren Lovise Jåsund.

Studentane Ingrid Flood, Ragnhild Leidland og Maren Lovise Jåsund foran vindparken i Bjerkreim i grått vær
Kaldt og surt, men det kan ein ikkje sjå på ansikta til Ingrid Flood, Ragnhild Leidland og Maren Lovise Jåsund

Dei går alle første året på masterprogrammet i økonomi og administrasjon. I haust har dei, og resten av studentane på masterprogrammet, besøkt vindkraftverket i Bjerkreim i samband med faget Business Decisions.

I dette faget skulle studentane gjennom casearbeid, og professor Gorm Kipperberg laga ein case som skulle vere i grensesnittet til bedriftsleiing og bedriftsavgjerder, og samfunns- og miljøøkonomi. Spørsmålet var: Er det lurt å søke om konsesjon til å investere i vindkraft på land?

Tar studentane seriøst

Studentane fekk vitskapelege tekstar og rapportar, blant anna frå internasjonale energibyrå, NVE og regjeringa sin klimaplan. Så jobba dei med casen i ti dagars tid, leverte ein skriftleg rapport, og hadde casediskusjonar, forklarar Kipperberg.

– Då me på siste dag skulle ha ein gjesteførelesar, så tenkte me at det kunne ha vore kult å gjere noko litt meir spesielt - så då valde me å dra ut og sjå på vindkraftverk, seier Kipperberg og legg til:

Grått vær i Bjerkreim Vindpark. Flere vindmøller i bakgrunnen
Den store vindkraftparken i Bjerkreim var ein passande case i faget Business Decisions.

– Business Decisions skal vere eit av masterprogrammets mest ambisiøse fag. Det er eit obligatorisk førsteklassefag, der studentane blir tilfeldig satt saman - akkurat slik det er i arbeidslivet. Undervisingsformen er krevjande, då same type med casebruk også blir brukt på Harvard Business School. Men me tar studentane ekstremt seriøst, og trur dei kan handtere slike type situasjonar.

Ei kul læring i faget

Besøket til vindkraftverket var passande og komplementært til eit føredrag studentane fekk av John Amund Lund i Norsk Vind Energi, seier Kipperberg. Dei rundt 100 studentane ytra også i etterkant at dette var svært interessant og relevant.

For fleire av dei internasjonale studentane på programmet var det ekstra spennande å kome seg ut til vindkraftverket, då dei aldri hadde sett vindmøller på slikt nært hald før.

Kipperberg synest opplegget med vindkraftverk er spesielt interessant fagleg fordi det er ein grunnleggande investeringscase:

John Amund Lund i Norsk Energi presenterar foredrag foran rundt 100 studentar i Vikeså meinigheitshus
I staden for at John Amund Lund frå Norsk Vind Energi kom til campus, så dro heller studentane ut til han. Her frå foredraget han heldt på Vikeså Misjonshus.

– Det blir bygd fornybar energi fordi me treng å redusere CO2-avtrykket, men så kjem det på kostnad av naturen. Det er interessant å diskutere i eit forretningsperspektiv og i eit offentleg forvaltningsperspektiv, og det var perfekt at me kunne gå ut å sjå det på ekte.

At det i tillegg vart sosialt fagleg, var også eit pluss. Og for neste års førsteklassestudentar kjem det nok til å bli ein tilsvarande utflukt.

– Når me nå har gjort det, så ser både eg og Hongyan Shi (koordinator for kurset), at det å ha ein slik ekskursjon som siste del av casearbeidet er ønskeleg vidare også. Det å ta ei utflukt er ei kul læring i faget.

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...