– Det er utruleg å ha Eric Bettinger her for å halde kurs på UiS

Han er ein av dei fremste ekspertane på feltet, og har igjen undervist doktorgradsstudentar frå fleire land her på UiS.

Publisert Sist oppdatert

Ein av verdas fremste ekspertar på randomiserte kontrollerte studiar, professor Eric Bettinger, har denne hausten vore tilbake på UiS, og Handelshøgskolen. Her har han, saman med førsteamanuensis Simone Häckl-Shcermer, hatt kurset «Randomiserte kontrollerte studium i samfunnsvitenskapen» for doktorgradsstudentar.

Bruken av randomiserte forsøk har blitt stadig meir populær og utbredt i samfunnsvitenskapleg forsking, og blir ofte omtalt som «gullstandarden» innan utdanningsforsking. Dette kurset skulle ta sikte på å gje framtidige forskarar verktøya som trengs for å planlegge og gjennomføre randomiserte eksperiment.

Vil anbefale kurset til andre

Professor Eric Bettinger har blitt anerkjend for fremragande undervising fleire gonger. Han har utført over 50 randomiserte eksperiment i feltet, og dei har blitt sitert av politikarar over heile verda.

– Det er utruleg å ha Eric Bettinger her for å halde kurs på UiS! Eric er ein leiande ekspert når det kjem til RCT, og han har ein fin måte å dele sin innsikt med studentane. Det er også ein flott moglegheit for studentar frå forskjellige universitet over heile Europa til å bygge nettverk med andre studentar som har liknande interesser, seier kurskoordinator Simone Häckl-Schermer, som underviste kurset saman med Bettinger.

Doktogradsstudentar utfor Elise Ottesen Jensens Hus saman med Eric Bettinger
Doktogradsstudentane som deltok på kurset. Heilt til høgre står professor Eric Bettinger, med førsteamanuensis Simone Häckl-Schermer bak.

På kurset deltok 17 doktorgradsstudentar frå blant anna NHH, Oxford, Bonn og Wien. I ei anonym spørreundersøking i etterkant kom det fram at deltakarane var nøgd med kurset:

– Eg vart anbefalt dette kurset, og eg vil anbefale det til andre. Det var mykje betre enn det eg håpa på.

– Det var spesielt nyttig at det var så verkelegheits-/prosjektorientert at me hadde moglegheita til å bidra med eigne prosjekt og stille spesifikke spørsmål.

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!